Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 15, 2012
Fugletrekk er vandringar fuglane gjer etter tre hovudtypar av trekkmønstre: spreiing, nomadisme og den vanlege sesongmessige vandringa mellom hekkeområdet og vinterkvarteret. Fugleartar som i regelen gjer sesongmessige trekk nemner ein flyttfugl eller trekkfugl. Fugletrekk oppstår som respons til endringar i fødetilgang, habitat, vêr eller dagslengd. Fuglar som ikkje trekkjer er kalla standfuglar, og kan seiast å vere motsetnaden til trekkfuglar.
Raudnebbterner kan trekkje over 80 000 km. Det er det lengste fugletrekket som har vore registrert. Omtrent 1800 av verdas 10 000 fugleartar er langdistanseflyttfuglar. Les meir …