Standfugl

(Omdirigert frå Standfuglar)

Standfugl er ei nemning for fugleartar med populasjonar som meir eller mindre held seg i eitt område gjennom alle årstider og leveår.[1] Standfuglar flyttar på seg, men ikkje regelbunde, og generelt over kortare distansar enn flyttfuglar. Ein populasjon av ein art kan leve som standfugl, medan andre populasjonar av same arten er meir typiske flyttfuglar. Slike populasjonar med ulike trekkvanar kan i nokre fall vere ulike underartar. Eit døme er variasjon i trekkvanar til arten gaffeltyrann i Colombia. Der trekkjer ein underart nordover (borealmigrant), ein annan trekkjer sørover (australmigrant), mens ein tredje underart er standfugl og hekkar i Colombia.[2]

Fuglefamiliar i tropane med standfuglartar inkluderer larveetarar, monarkar, skjeggfuglar, myggsmettar, maurfuglar, trogonar og andre. Ein har lenge trudd at dei fleste artar i einskilde grupper med subtropiske og tropiske leveområde i stor grad er standfuglar, men det kan vere at nokre av dei har regelbundne trekkvanar innanfor tropane som ikkje er godt undersøkte enda.[treng kjelde]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Newton, 2010, side 11
  2. Stiles, F. Gary Austral migration in Colombia: the state of knowledge, and suggestions for action Ornitologia Neotropical 15 (suppl.): 349–355, 2004