Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 16, 2008

Marineinfanterister fra 3. marineinfanteridivisjon går i land ved Bougainville.

Amfibisk krigføring inneber åtak på landbaserte mål med militære styrkar frå skip. Amfibisk krigføring krev landgangsfartøy eller helikopter for å transportera soldatar til land frå skipa som har ført dei til området.

Målet med å setja soldatar i land frå skip er å avslutta konfliktar. Eit amfibisk åtak er ein av dei mest vanskelege militære operasjonane. Det krevst koordinering av eld frå skip og luftfartøy, medan bakkestyrkane skal setjast i land på ei kystlina som er kontrollert av fienden – som ofte har ein enorm fordel på grunn av det opne landskapet på dei fleste strender. Invasjonen av Normandie, Slaget om Iwo Jima og Falklandskrigen er nokre av dei mest vidgjetne amfibiske operasjonane i historia. Les meir…