Opna hovudmenyen
Fish and chips i innpakningspapir

Fish and chips, eller deigdyppa og frityrkokt fisk med frityrkokt potet, er ein populær snøggmattype av engelsk opphav, men er òg populær snøggmat elles på Dei britiske øyane, i Australia, på New Zealand, i Canada og i nokre kystbyar i Nederland og Noreg. I seinare år har òg fish and chips byrja å bli svært vanleg i USA og mange andre stader. I fleire tiår var fish and chips den dominerande, eller ofte meir eller mindre einaste, snøggmaten i Storbritannia.

Dei frityrkokte potetane blir kalla chips i Storbritannia og dei fleste andre engelskspråklege stadene i verda. I USA seier ein helst french fries, men ein kallar likevel denne matretten fish and chips. I Kristiansund, ein av dei stadene i Noreg som har lengst tradisjon med fish and chips, kallar ein gjerne denne snøggmatretten rett og slett «fishan». Les meir...