Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 20, 2009
The Rolling Stones er eit engelsk rockeband som vart danna i 1962 i London då multiinstrumentalisten Brian Jones og pianisten Ian Stewart slo seg saman med vokalist Mick Jagger og gitarist Keith Richards. Bassisten Bill Wyman og trommeslagaren Charlie Watts var dei andre medlemmane i den første utgåva av gruppa. Stewart, som ikkje vart rekna som passande som tenåringsidol, vart offisielt fjerna frå bandet i 1963, men heldt fram å jobbe for bandet som turnemanager og keyboardist fram til han døydde i 1985.
Dei tidlege innspelingane til bandet var hovudsakleg amerikanske blues- og R&B-songar. Dei oppnådde tidleg suksess i Storbritannia og vart så populære i USA under «den britiske invasjonen» tidleg i 1960-åra. Jagger og Richards danna tidleg eit låtskrivarpartnarskap og tok gradvis over leiinga i bandet frå den stadig meir urolege og ureknelege Jones. Singelen deira «(I Can't Get No) Satisfaction» i 1965 etablerte The Rolling Stones som eit av dei fremste rock and roll-gruppene i verda. Frå og med albumet Aftermath frå 1966, starta Jagger og Richards, med hjelp av dei instrumentale eksperimenta til Jones, å skape meir varierte songar innafor fleire stilartar. Les meir...