Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 20, 2010

Georg Friedrich Händel

Georg Friedrich Händel ( 1685–1759 ) var ein tysk-britisk komponist kjend for sine operaer, oratorium og concerti grossi. Han vert rekna som ein av dei mest produktive og viktigaste musikarane nokon sinne, og representerer ved sidan av Johann Sebastian Bach høgdepunktet i seinbarokken.

Händel var ein sann kosmopolitt som etter oppveksten i Halle tilbrakte formative vandre- og læreår i Hamburg, Italia og Hannover. Han budde mesteparten av livet sitt i England og fekk britisk statsborgarskap.

Händel skapte ein meisterleg musikalsk syntese av tysk, italiensk og engelsk tradisjon, og han skreiv musikk i alle sjangrane frå denne tida. Verka til Händel har stått uavbroten på repertoaret i meir enn 250 år, lengre enn musikken til nokon annan komponist. Hans mest spelte verk er oratoriet Messias og orkesterstykka Water Music og Music for the Royal Fireworks. Les meir …