Strandkrabben er den vanlegaste krabbearten i fjøra i Noreg

Krabbar er krepsdyr med fire par bein, eitt par klør og ein sterkt redusert bakkropp som vert boren under framkroppen. Krabbar høyrer til infraklassa Brachyura. Dei lev for det meste i havet, men særleg i tropane finst det òg artar i ferskvatn og på land. Gruppa er den største og mest varierte av tifotkrepsdyra, med over 10 500 registrerte artar fordelt på 70 familiar.

Langs norskekysten er det funne om lag 30 ulike krabbeartar. Dei vanlegaste er taskekrabbe og strandkrabbe.

Om lag 20% av alle krepsdyr som vert fanga eller avla fram som mat på verdsbasis er krabbar, til saman over 1½ millionar tonn. Her til lands er det taskekrabben (Cancer pagurus) som vert teken i størst kvanta, men strandkrabbe smakar også godt. Kongekrabben vert òg seld som krabbe, men høyrer eigentleg til anomurene. Les meir…