Ferskvatn er vatn som inneheld ein svært liten del oppløyste salt, særleg natriumklorid, til forskjell frå saltvatn og brakkvatn. Alt ferskvatn har opphavleg vore nedbør av vassdamp i atmosfæren. Vatnet når innsjøar, elvar og grunnvassmagasin direkte eller etter smelting av snø og is (sjå vasskrinslaupet). Tilgang på ferskvatn er livsviktig for dei fleste artar, særleg i ørkenområde.

Dogg er ferskvatn.

For vasslevande dyr som fisk har det mykje å seie kor mykje oppløyst natriumklorid det er i vatnet dei lever i. Dei fleste dyr kan ikkje leva i både fersk- og saltvatn, men nokre artar vekslar mellom dei to. Saltvassfisk har tilgang på ei overflod av salt, og prøver å få så mykje salt ut av kroppen som mogleg, samtidig som dei må halda på vatnet. Ferskvassfisk gjer det motsette, for dei har for mykje vatn i høve til salt i kroppen.

Sjå òg endre