Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 22, 2009

Teikning av Olaf Bull

Olaf Bull (1883–1933) var ein norsk lyrikar og forfattar, son av folkelivsskildraren og teologen Jacob Breda Bull. Han var mykje populær i si samtid, og kan kallast ein tidleg modernist. Dikta til Bull vitnar om stor kunne og uvanleg sensibilitet, og om kor djupt han sleit med angst og depresjonar. Kjensleregisteret spenner frå dei djupe avgrunnar til augneblinkar av overstrøymande livskjensle. Biletspråket er nær knytt til konkrete fenomen eller situasjonar.

Sentrale motiv i diktinga hans er våren, kjærleiken, kunsten, æva, tida, døden og angsten for tomromet. Fleire av desse motiva kan vera til stades i same diktet. Eit spørsmål som kjem att og att, er om kunstnaren gjennom å skape kunst på sett og vis kan redde det som er dømt til å gå til grunne, bevare det «dypt og blivende» i «digtets evige, unge alabast» som det heiter i det best kjende diktet hans, «Metope», som òg er eitt av dei mest verdsette i norsk litteratur. Det handlar mellom anna om korleis kunstnaren 'vinn' over døden. Les meir...