Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 3, 2005
Saturnmånen Titan er den største månen til planeten Saturn, og den einaste satellitten i solsystemet med ein tett atmosfære. Han vart oppdaga 25. mars 1655 av den nederlandske astronomen Christiaan Huygens.
Foreløpig er karta over Titan svært vage og unøyaktige. Atmosfæren er til hinder for bilde av overflata. Men den 14. januar 2005 landa romsonden Huygens på Titan etter sju års ferd gjennom rommet og sendte mellom anna 350 digitale fotografi attende til Jorda. Les meir...