Opna hovudmenyen
Keres-angrepet i Scheveningen-varianten i Siciliansk forsvar.

Paul Keres (7. januar 1916 - 5. juni 1975) var ein estisk sjakkspelar, stormeister i sjakk og ein av dei sterkaste spelarane som aldri vart verdsmeister i sjakk. Keres var nær ved å få tvikamp om Verdsmeistertittelen i sjakk ved 5 høve, og han gjekk glipp av tittelkamp på grunn av den andre verdskrigen. Etter krigen vart han nummer 2 i Kandidatturneringa i sjakk i 4 påfølgjande høve.

På grunnlag av desse og andre sterke resultat, har mange kommentatorar rekna Keres for den sterkaste spelaren som aldri vart verdsmeister i sjakk. Han har blitt kalla «den evige toar» på grunn av dei 4 andreplassane i kandidatturneringa. Han vart også kalla «The Crown Prince of Chess», 'Kronprinsen av sjakk'. I 2000 vart Keres vald som hundreåret sin estiske sportsutøvar. Det er bilete av Paul Keres på den estiske 5 kroon-setelen. Han skal vere den einaste sjakkspelaren i verda som har fått biletet sitt på ein pengesetel. Les meir …