Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 4, 2008
Inkarikets fall er omgrepet nytta om historia om korleis inkadynastiet tapte makta over inkariket til Spania. Det gjekk nærare 25 år frå europearane først kom til Stillehavet (25. september 1513) og fekk høre om eit gulland i sør, til inkaene i røynda tapte riket til den spanske krona med slaget i Cajamarca og dei spanske conquistadorane kontrollerte inkariket. Slaget som avgjorde utfallet tok om lag 2 timar, kosta dei innfødde ca 6-7000 liv utan at nokon spanjolar vart såra.
Frå tidspunktet då den spanske conquistadoren Francisco Pizarro på erobringstoktet gjekk i land i byen Tumbes lengst nord i det moderne Peru våren 1532 skulle det gå vel fire år fram til siste store motstanden mot inntrengjarane vart slegen ned. Det skjedde etter det mislukka inkaopprøret i 1536 i Cuzco under leiing av inkamarionetten Manco Cápac II. I 1572 vart den siste inka og dei øvste hærfolka hans teken av spanske styrkar. Hendinga i 1572 stadfesta endeleg inkarikets fall sjølv om det er meir rett å vise til 16. november 1532 med slaget i Cajamarca. I Europa har maktovertakinga oftast vore nemnt som «erobringa av inkariket». Les meir…