Slaget i Cajamarca

Slaget i Cajamarca kom etter eit bakhaldsåtak på regjerande inka Atahualpa og dei som var i følgjet hans, sett i scene av conquistadoren Francisco Pizarro. Hendinga skjedde seint på ettermiddagen laurdag den 16. november 1532 på den store offentlege plassen [1] i Cajamarca. Byen hadde den gongen ein folkesetnad på ca 2000 menneske. Slaget varte ikkje meir enn to timar, det tok livet av tusenar og Pizarro oppnådde målet med å fange Atahualpa. I røynda var dette timane då inkariket fall og kongen av Spania tok over makta i territoriet.

Inka Atahualpa på berestolen er omkrinsa av spanske krigarar.

Konfrontasjonen i Cajamarca var kulmineringa av ein strid som hadde gått føre seg i over eit halvt år med etterretning og diplomati mellom inkaen og Pizarro og deira respektive sendebod. Atahualpa og kanskje så mange som 80 000 [2] mann i følgjet låg utkvilte i ein stor leir på høgdene ved Cajamarca. Inkaen hadde lite å frykte frå den vesle armeen åt Pizarro, han hadde planlagt å vise god vilje, no hadde han lurt Pizarro inn i hjartet av fjellimperiet der han kunne møte alle potensielle trugslar med stor styrke. Posisjonen for spanjolane var langt i frå så attråverdig etter ein slitsam reise frå Tumbes på nordkysten av Peru med tre kanonar og ca 150 [3] mann, av dei 62 kavaleristar. [4]

Tidleg den 15. november 1532 nådde Pizarro fram til ei høgd med utsyn over Cajamarca og dei tok seg inn til byen som var nesten tom for folk. Inkaen og hærfolka hans heldt til i leiren utanfor byen saman med mange frå folkesetnaden i Cajamarca. Leiren var plassen ved dei varme kjeldene i Kónoj, Baños del Inca. Same kvelden sendte Pizarro, oppdagaren Hernando de Soto med femten ryttarar og ein tolk [5] til Atahualpa og styrkane hans. Like etter vart òg Hernando Pizarro med ryttarar sendt etter. Dette var det første direkte møtet mellom ein inkahøvding og spanske leiande conquistadorar. Blant ryttarane var det fleire krønikeskrivarar som kunne vitne om kva som hende. Atahualpa tok imot dei framande sittande på ein låg stol i fulle insignia med leiarar, kvinnene sine og livgarden rundt seg.

Hernando de Soto var den første spanjolen som nærma seg inkaen, hesten hans kom heilt nær hovudet utan at Atahualpa rørde seg. de Soto sa han kom frå guvernøren og at guvernøren ville verte glad om Atahualpa ville vitje guvernøren. Inkaen svarte ikkje, men ein av leiarane sa at inkaen var inne i ein seremoniell faste. Ikkje før Hernando Pizarro kom og presenterte seg som guvernøren sin bror ville Atahualpa samtale. Atahualpa føreslo at dei skulle stige av hestane og baud dei på eit måltid, men spanjolane takka nei. Men dei aksepterte å drikke chicha frå drikkekar i gull med vertane, og under samtalen samtykte Atahualpa i å besøke Pizarro neste dag. Innan spanjolane forlét leiren hadde Atahualpa synt interesse for hestane og de Soto gav ei rideoppvising for inkaen.

Om natta heldt spanjolane råd inne i Cajamarca om kva dei kunne oppnå mot det dei hadde estimert til så mange som 80 000 mann i følgjet åt Atahualpa: «…Alle var fylt av otte, for vi var så få og vi var så djupt inne i landet kor vi ikkje kunne få forsterkingar… Alle samla seg i guvernøren sitt kvarter for å snakke om kva som skulle skje den fylgjande dagen…Få sov og vi heldt vakt på plassen kor vi kunne sjå leirbålet ved den indianske hæren». [6] Landsbyplassen hadde lange bygningar langs tre av sidene og ei open side, kvar bygning kunne vere 180 meter lang. [7] Ein kjenner ikkje storleiken på plassen i Cajamarca, men veit at tilsvarande plass i byen Huánuco var om lag 20 hektar. [8] Bygningane hadde mange dører ut mot plassen, planen var å gøyme soldatar og hestar i bygningane og å kome fram når dei høyrte artillerisignalet.

Dagen etter var fasta for inkaen over og han sendte bod til Pizarro om at han ville komme med væpna soldatar. Guvernøren svarte då at korleis inkaen enn kom ville han ta imot han som ein ven og ein bror. Etter det kom ein neste bodbringar som fortalde at dei innfødde ville komme uvæpna. Atahualpa og dei innfødde var kledd med seremonielle utsmykkingar då dei kom i ein parade. 80 herrar bar inkaen i berestolen hans, sjølv hadde han burla, krona på hovudet og bar eit halsband med smaragdar. Berestolen var pynta med papegøyefjør, sølv og gull. Då Atahualpa kom midt på landsbyplassen stod sola lågt på himmelen og han såg ingen spanjolar. Han hadde mange pynta menn med i eskadronen sin, til saman fem eller seks tusen stilte seg opp på plassen, «…uvæpna, med unntak av at dei bar med små stridsøkser og steinslyngjer under tunikaen.» [9] Ein kaptein kom fremst med lansen som hadde banneret med Atahualpa sitt våpenmerke. Dominikanarmunken Vicente de Valvarde var den einaste spanjolen som kom fram til inkaen og innleia ein samtale. Valverde overleverte no ei erklæring frå krona som måtte gjerast kjent før spanjolane kunne ty til våpen. Han fortalde Atahualpa at dei var utsendingar frå keisaren, kong Carlos I av Spania for å gjere innhaldet i den kristne religionen kjent for Atahualpa sitt folk. Bodskapen var i ei bønnebok og Atahualpa bad om å få undersøke ho. Atahualpa bladde i ho, vart raud av sinne og kasta boka ned til mennene sine. Det var då at Valvarde alarmerte Pizarro. Pizarro gjorde straks teikn til at bakhaldsåtaket som blei slaget i Cajamarca den 16. november 1532 skulle starte, det opna med to kanonskot midt inn i mengda av innfødde soldatar på plassen.

I slaget tok spanjolane Atahualpa til fanga utan at han vart skadd, dei andre leiarane som kom til landsbyplassen i berestolar og hengekøyer, og alle berarar vart fort drepne. Slaget utvikla seg til eit blodbad over to timar, ingen innfødde retta våpen mot spanjolane, seks til sju tusen innfødde vart drepne og andre vart lemlesta medan ingen av spanjolane kom til skade.

Etterpå vedgjekk Atahualpa at planen hans var å fange spanjolane, men han vart tvert imot fanga sjølv.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. John Hemming kallar det square. «Torget» eller «marknadsplassen» passer ikkje sidan dei ikkje dreiv handel der, plassen var for seremoniar og folkefestar.
  2. Hemming side 37: over 80000
  3. Hemming side 38: Pizarro’s 150 men… ca 20 snudde tilbake til San Michael på vegen?
  4. Hemming side 29: 62 horsemen left Tumbez
  5. Namnet på denne tolken varierer med kjeldene: Hemming seier Martín, andre kjelder Felipillo
  6. Omsett frå Hemming, s. 37.
  7. Hemming s 39: Some 200 yards long
  8. Hemming nyttar det som argument for at plassen vel kunne romme 5-6000 inkakrigarar
  9. Omsett frå Hemming, s. 40.