Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 44, 2011
Punkrock er ein rockesjanger som utvikla seg mellom 1974 og 1976 i USA, Storbritannia og Australia. Han har røter i garagerock og andre former som i dag vert kalla «protopunk». Punkrockband prøvde å unngå populærrocken på 1970-talet og lagde ein rask, hard musikk med typisk korte songar, få instrument og ofte politiske og antisosiale tekstar. Punk omsluttar ei «gjer det sjølv»-haldning og mange av gruppene produserte sine eigne innspelingar og distribuerte dei gjennom uformelle kanalar.
Seint i 1976 hadde band som the Ramones i New York City og Sex Pistols og The Clash i London vorte anerkjende som fortroppen i ei ny musikalsk rørsle. I løpet av det neste året spreidde punken seg til resten av verda. Stort sett hadde punk røter i lokale miljø som pleidde å sky unna det som vart rekna som populært (mainstream). Det oppstod ein punkkultur som uttrykte ungdommeleg opprør og med kjenneteikn som særeigne klede og forskjellige antiautoritære ideologiar. Les meir …