Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 9, 2010

{{{2}}}

Serge Gainsbourg (1928-1991) var ein fransk musikar, diktar, skodespelar, filmregissør og visesongar. Gainsbourg sin varierte stil og individualitet gjorde han vanskeleg å kategorisere. Han starta med viser og jazz på midten av 1950-talet, men utover 1960- og 1970-åra eksperimenterte han med mange forskjellige stilartar.

Sjølv om Gainsbourg var kjend i Frankrike i mange år nådde han først toppen av albumlista i 1979 med Aux Armes et caetera, meir enn tjue år etter han starta den musikalske karrieren sin. Utover 1980-åra var han ei stor stjerne i Frankrike og var vel så kjend for artistkarrieren som for kontroversielle utsegner og handlingar. Han var likevel ein kjær artist i Frankrike og då han døydde vart det erklært landesorg i landet. I åra etter har han vore for ei legende å rekne i Frankrike. Les meir …