Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 11, 2006

1812-ouverturen med tilhøyrande kanonskot vart framførd på 2005 Classical Spectacular

1812-ouverturen er eit orkesterverk av Peter Tsjaikovskij til minne om den mislukka franske invasjonen av Russland i 1812 og den katastrofeprega tilbaketrekkinga til den franske hæren, hendingar som markerte eit vendepunkt i Napoleonskrigane. Ouverturen vert framførd for første gong i Kristus Frelsaren-katedralen i Moskva den 20. august 1882. Katedralen hadde vore ferdig bygd året før, òg reist til minne om Napoleon sitt felttog i Russland i 1812. Stykket er best kjent for å innehalda ein bolk med kanoneld som av og til, særleg under utandørsframsyningar, vert spela med ekte kanonar.Les meir…