Wikipedia:Wikiprosjekt Maskinomsetjing frå bokmål/omsetjing1

Her skal det skrivast setninar som er omsetjingar av desse setningane. Det er fritt fram!

1-100

endre
  • 1 Hopp til innhald.
  • 2 Hopp til søk.
  • 3 Til forsida.
  • 4 Vegvisaren din i det offentlege.
  • 5 Finn du ikkje fram i det offentlege?
  • 6 Arbeidsgjevar.
  • 7 Kor mange er tilsett i staten?
  • 8 129 105 personar var tilsett i det statlege tariffområdet i 2006.
  • 9 Dette talet finn du i brosjyren Lommestatistikk for statsforvaltinga 2007 som blant anna inneheld talet på tilsette frå 1993 til 2006, prosentdel kvinner, aldersfordeling, sjukefråvere, lønn, talet på leiarar m.m.
  • 10 Statistikken omfattar alle statlege verksemder der arbeidstakarane får lønns- og arbeidsvilkår fastsett etter lønnsregulativet i staten.
  • 11 Statistikken omfattar ikkje tilsette i statlege føretak, statlege aksjeselskap, statlege stiftingar og andre organisasjonar som staten eig.
  • 12 Tala omfattar i hovudsak heller ikkje statlege toppleiarar og dommarar.
  • 13 Kor finn eg framlegg til standard arbeidsavtale?
  • 14 Du finn framlegg til standard arbeidsavtale på Arbeidstilsynet sine nettsider.
  • 15 Avtalen finst på ni språk i tillegg til nynorsk og bokmål.
  • 16 Arbeidssøking.
  • 17 Kvar kan eg finne informasjon om au pair-ordninga?
  • 18 UDI har informasjon om au pair-ordninga på nettsidene sine.
  • 19 Der finn du blant anna informasjon om kven som kan få arbeidsløyve, krav til vertsfamilien og korleis ein kan søkje.
  • 20 Au pairen skal ha ein skriftleg arbeidsavtale som regulerer arbeidstida og gjev au pairen visse rettar, som rett til minimumslønn og høve til å delta i norskopplæring betalt av vertsfamilien.
  • 21 Les meir om dette i eit rundskriv frå UDI.
  • 22 Kvar kan eg få kopiar av vitnemål og attestar som er stadfesta?
  • 23 Stadfesta kopiar skal vere stempla og signerte av eit kopieringsbyrå eller av ein tilsett ved eit offentleg kontor (skole, kommunalt kontor, politikammer osv.)
  • 24 Stempelet skal vise kvar kopien er stadfesta.
  • 25 Ver merksam på at offentlege kontor ikkje er pålagte å utføre denne oppgåva.
  • 26 I samband med jobbsøknader kan ei alternativ løysing vere å sende vanlege kopiar med søknaden og ta originalane med til eit eventuelt intervju.
  • 27 Gjeld det opptak til utdanning, finn du utfyllande informasjon på nettsidene til Samordna opptak.
  • 28 Arbeidstakar.
  • 29 Eg er blitt sagt opp, men meiner at oppseiinga er usakleg.
  • 30 Kva bør eg gjere?
  • 31 På nettsidene til Arbeidstilsynet finn du eit oversyn over korleis du bør fare fram (te deg) ved ei usakleg oppseiing.
  • 32 Har eg krav på feriepengar?
  • 33 Informasjon om rettar i arbeidsforholdet finn du på denne faktasida frå Arbeidstilsynet.
  • 34 Du kan òg kontakte Arbeidstilsynet sin svarteneste på e-post eller telefonnummer 815 48 222.
  • 35 Har eg rett til å få overført delar av ferien min til neste år?
  • 36 Du kan avtale overføring av inntil to ferieveker til påfølgjande ferieår ( kalenderår ), men du har ikkje krav på dette.
  • 37 Dersom sjukdom hindrar deg i å avvikle ferien innan slutten av ferieåret, kan du som arbeidstakar krevje å få overført inntil to ferieveker til neste år.
  • 38 Eit slikt krav må du setje fram før slutten av året.
  • 39 Arbeidstakarar som har avtalefesta fem ferieveker, kan overføre to veker pluss fire arbeidsdagar til neste ferieår.
  • 40 Ferie som ikkje er avvikla og ikkje er overført til neste ferieår, fell bort.
  • 41 Du finn meir informasjon om avvikling av ferie på Arbeidstilsynet sine faktasider om ferie.
  • 42 Har du fleire spørsmål om ferie, kan du kontakte Arbeidstilsynet sin svarteneste.
  • 43 Har eg rett til å gå heim når det er særs varmt på arbeidsplassen?
  • 44 Du har ikkje rett til å gå heim frå arbeidet.
  • 45 Dersom du ønskjer pausar, forskoven arbeidstid, eller eventuelt å avbryte arbeidet, må du avtale dette med arbeidsgjevaren.
  • 46 Lov eller forskrifter inneheld ingen faste temperaturgrenser, men Arbeidstilsynet rår til at temperaturen vert halden under 22 °C ved fysisk lett innearbeid i periodar med behov for oppvarming.
  • 47 Temperaturar under 19 ° eller over 26 ° skal ein unngå.
  • 48 Les meir om varme og kulde på arbeidsplassen på Arbeidstilsynet sine faktasider.
  • 49 Har eg rett til å vere heime med eit sjukt barn?
  • 50 Den enkelte arbeidstakar har rett på opptil 10 dagar permisjon med løn pr. år til og med det året barnet fyller 12 år.
  • 51 Dersom du er aleine om omsorga for barnet, har du rett på opptil 20 dagar.
  • 52 Har du fleire enn to barn, har du rett på opptil 15 dagar.
  • 53 Du kan ha utvida rettar om barnet er kronisk sjukt.
  • 54 Reglane finst i arbeidsmiljøloven § 12-9 og folketrygdloven § 9-6.
  • 55 Kor mange er tilsette i staten?
  • 56 129 105 personar var tilsette i det statlege tariffområdet i 2006.
  • 57 Dette talet finn du i brosjyren Lommestatistikk for statsforvaltinga 2007 som blant anna inneheld talet på tilsette frå 1993 til 2006, prosentdel kvinner, aldersfordeling, sjukefråvere, lønn, talet på leiarar m.m.
  • 58 Statistikken omfattar alle statlege verksemder der arbeidstakarane får lønns- og arbeidsvilkår fastsett etter lønnsregulativet i staten.
  • 59 Statistikken omfattar ikkje tilsette i statlege føretak, statlege aksjeselskap, statlege stiftingar og andre organisasjonar som staten eig.
  • 60 Tala omfattar i hovudsak heller ikkje statlege toppleiarar og dommarar.
  • 61 Kvar finn eg framlegg til standard arbeidsavtale?
  • 62 Du finn framlegg til standard arbeidsavtale på Arbeidstilsynet sine nettsider.
  • 63 Avtalen finst på ni språk i tillegg til nynorsk og bokmål.
  • 64 Kvar finn eg informasjon om lønsgarantiordninga?
  • 65 Du finn informasjon om lønsgarantiordninga på nettsidene til Arbeidstilsynet.
  • 66 Lønsgarantien skal sikre at du får betalt ut løn, feriepengar osv. som du beviseleg har til gode, men som arbeidsgjevaren ikkje er i stand til å betale.
  • 67 Kvar finn eg lønstabellen for arbeidstakarar i staten?
  • 68 Du finn hovudlønstabellen for arbeidstakarar i staten på nettsidene til Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
  • 69 Kvar finn eg skjema for reiserekning?
  • 70 Den elektroniske reiserekninga (for lønnsregulativet i staten) ligg ute på nettsidene til Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
  • 71 Du kan òg laste ned skjema for reiserekning i Word eller Pdf-format frå statlege elektroniske blankettar.
  • 72 Sjå vidare under FAD og Statens fellesblankettar.
  • 73 Kvar finn eg statens satsar for reiser i jobbsamanheng?
  • 74 Du finn særavtale for reiser innanlands for statens rekning på nettsidene til Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
  • 75 Der finn du òg særavtale for reiser utanlands for statens rekning og utanlandsregulativet med satsar for nattillegg og kostgodtgjersle.
  • 76 Arv.
  • 77 Er det utforma skjema for testament?
  • 78 Det finst ikkje eit eiget skjema eller formular for testament.
  • 79 Men du kan finne framlegg til utforming av testament ved hjelp av ein søkjemotor.
  • 80 JURK har utarbeidd framlegg til utforming av gjensidig testament.
  • 81 I andre del av arveloven - arv etter testament finn du informasjon om korleis eit testament skal setjast opp.
  • 82 Kva er det årlege fribeløpet for gåver til nærståande?
  • 83 Kvart år kan du gje gåver avgiftsfritt til nærståande tilsvarande halvparten av grunnbeløpet i folketrygda (1/2 G).
  • 84 Gåver til nærståande er i utgangspunktet avgiftspliktige.
  • 85 Men det er ein del unntak for avgiftsplikta.
  • 86 I denne brosjyren frå skatteetaten finn du meir informasjon om kva gåver og ytingar du kan gje til nærståande utan at den som får gåva eller ytinga må betale arveavgift av ho.
  • 87 Ta kontakt med skattekontoret dersom du treng meir informasjon.
  • 88 Storleiken på grunnbeløpet finn du på nettsidene til Nav.
  • 89 Kva må til for at eit testament skal vere gyldig?
  • 90 Testament treng ikkje tinglysast, men arveloven set visse krav til korleis eit testament blir oppretta.
  • 91 Eit vanleg skriftleg testament må vere underskriven samtidig av testator og to testamentsvitne.
  • 92 Vitna må ikkje vere i slekt med eller vere nært knytt til nokon som blir tilgodesett i testamentet.
  • 93 Meir informasjon om kva testament som er gyldig finn du i andre del av arveloven - arv etter testament.
  • 94 Kvar finn eg adresse og telefonnummer til konfliktrådet?
  • 95 Du finn ei oversikt over konfliktråda i landet på nettsidene til konfliktrådet.
  • 96 Alle kan ta kontakt med konfliktrådet for å få hjelp og rettleiing.
  • 97 Tenesta er gratis, og alle kommunar i landet får tilbod.
  • 98 Det er uforpliktande for dei som tar kontakt, og konfliktrådet har tystnadsplikt.
  • 99 Konfliktrådet hjelper å løyse tvistar ved mekling.
  • 100 Nabokonfliktar, familietvistar og saker knytt til arbeidsforhold, underslag, arv og skifte er eksempel på saker konfliktrådet kan hjelpe med.

101-200

endre
  • 101 Kvar kan eg finne informasjon om arv og skifte?
  • 102 Du finn informasjon om dødsfall og arv på Domstol.no og om arv på nettsidene til Justis- og politidepartementet.
  • 103 Ønsker du meir informasjon eller rettleiing om korleis du skal gå fram i slike saker, kan du kontakte tingretten / byfogden .
  • 104 På Norge.no finn du kva tingrett du høyrer til samt ei temaside om arv.
  • 105 Kvar kan eg finne satsane for arveavgift?
  • 106 Du finn satsane for arveavgift på nettsidene til skatteetaten.
  • 107 Her finn du òg generell informasjon om avgift på arv og gåver.
  • 108 Har du spørsmål om arveavgift, kan du kontakte næraste skattekontor.
  • 109 Kvar kan eg få kopi av ein dødsattest?
  • 110 For å få kopi av ein dødsattest kan du kontakte tingretten/byfogden for kommunen vedkommande budde i.
  • 111 Du finn meir informasjon om meldingsgangen ved dødsfall på nettsidene til Statistisk sentralbyrå.
  • 112 Barnevern og familievern.
  • 113 Korleis finn eg kontaktinformasjon til familiekontoret?
  • 114 Dersom du bur i Oslo, kan du finne ut kva for eit familiekontor du høyrer inn under ved å sjå i denne oversikten frå fylkesmannen.no .
  • 115 Bur du andre stader i landet, kan du søke i denne lista frå bufdir.no.
  • 116 Kven kan få valdsalarm og korleis?
  • 117 Har du vore eller er utsett for vald eller alvorlige trugslar, bør du melde frå til politiet.
  • 118 Politiet skal då vurdere behovet for vernetiltak.
  • 119 Aktuelle tiltak kan vere å utstyre deg med mobil valdsalarm som varslar politiet når du utløyser han.
  • 120 Andre tiltak kan vere besøksforbod og vern av personopplysningar.
  • 121 Les meir om familievald på nettsidene til politiet, og kontakt politiet på telefon 02800 for å få nærare opplysningar.
  • 122 Bustad og eigedom.
  • 123 Finst det eigedomsinformasjon på Internett?
  • 124 Statens kartverk har laga ei oversikt over nettstader med eigedomsinformasjon.
  • 125 Sjølve GAB-databasen er ikkje opent tilgjengeleg på Internett.
  • 126 Treng du som privatperson GAB-informasjon skal du kontakte den aktuelle kommunen eller Statens kartverk.
  • 127 Kva er GAB og kvar får eg tak i GAB-informasjon ?
  • 128 GAB står for Grunneigedom- , Adresse- og Bygningsregisteret , og er det offisielle register for informasjon om desse objekta i landet.
  • 129 Sjølve GAB-databasen er ikkje opne tilgjengeleg på Internett.
  • 130 Treng du som privatperson GAB-informasjon, skal du kontakte den aktuelle kommunen eller Statens kartverk.
  • 131 Ver merksam på at lovverket set grenser for kva opplysningar som kan utleverast.
  • 132 Kvar får eg informasjon om bustadnummer og adressemerker?
  • 133 Ta kontakt med kommunen din.
  • 134 Du finn òg informasjon om bustadnummer på nettsidene til Statens kartverk.
  • 135 Bustadnummeret gjev leilegheita din ei adresse som berre ho har.
  • 136 Bustadnummeret består av ein bokstav og fire tal.
  • 137 Det står på eit adressemerke som skal vere klistra på innsida av dørkarmen på ytterdøra di.
  • 138 Bokstaven og dei to første tala gjev kva etasje leilegheita ligg i, og dei to siste gjev nummeret til leilegheita i etasjen, rekna frå venstre mot høgre.
  • 139 Kvar får eg tak i bustadbevis?
  • 140 Treng du bustadbevis, t.d. for å stadfeste sambuarskap eller butid i Noreg, kan du bestille dette frå skattekontoret.
  • 141 Kva kan eg finne informasjon om tomtefestelova?
  • 142 Du finn tomtefestelova på lovdata.no .
  • 143 På nettsidene til Justis- og politidepartementet finn du ei rettleiing om regulering av festeavgift.
  • 144 Treng du vidare hjelp til å tolke lova og forskriftene, kan du kontakte Tomtefesterforbundet, Grunneigarforeininga eller Huseiernes Landsforbund .
  • 145 Desse organisasjonane yter juridisk hjelp til sine medlemmer.
  • 146 Kvar skal eg rette meg til for å få tinglyst eit dokument?
  • 147 Fast eigedom skal tinglysast hos Statens kartverk i Hønefoss.
  • 148 Ektepakter og heftingar i lausøyre skal tinglysast i Brønnøysundregistra.
  • 149 Butilbod og omsorgstilbod.
  • 150 Vert formuen rekna med når eigenbetaling for opphald på sjukeheim vert fastsett?
  • 151 Vederlaget for opphald i kommunale institusjonar blir rekna ut på grunnlag av inntekta.
  • 152 Eventuelle renter av formue blir regnet som inntekt, mens sjølve formuen ikkje blir tatt med i grunnlaget for utrekninga av vederlaget.
  • 153 Det blir heller ikkje lotterigevinst eller gevinst ved sal av bustad.
  • 154 Reglane finn du i ' Forskrift om vederlag for opphald i institusjon '.
  • 155 Ønskjer du meir informasjon, kan du ta kontakt med kommunen eller Fylkesmannen.
  • 156 Har eg rett til bustønad og kva er fristen for å søke?
  • 157 Forholdet mellom husstanden sine bustadutgifter og samla inntekter avgjer om du kan få bustønad.
  • 158 På Husbanken sine internettsider finn du meir informasjon om bustønadsordninga, og du kan rekne ut bustønaden.
  • 159 Du finn òg informasjon om Husbanken sine tilskott og lån til bustad- og bygningsrelaterte føremål.
  • 160 Fristen for å søkje om bustønad er den 14. i kvar månad.
  • 161 Utbetalinga skjer den 10. i den etterfølgjande månaden.
  • 162 Søknad om bustønad skal sendast til sosialkontoret (ev. bustadkontoret) i kommunen din.
  • 163 I Oslo sender du søknaden til bydelen din.
  • 164 Du kan sende søknaden via Internett eller skrive ut søknadsskjema frå Husbanken sine nettsider.
  • 165 Korleis klagar eg på eit avslag på bustønad?
  • 166 Klage på avslag på søknad om bustønad skal du sende til bustønadkontoret i kommunen din.
  • 167 Fristen er 3 veker frå den dagen du fekk vedtaket.
  • 168 Sakshandsamaren i kommunen din kan hjelpe deg å klage.
  • 169 På Husbanken sine nettsider finn du meir informasjon om klage på bustønadvedtak.
  • 170 Korleis klagar eg på eit avslag på hjelp og avlastning?
  • 171 Klage på eit avslag på søknad om hjelp og avlasting skal du sende til kommunen som har avslått søknaden.
  • 172 Du kan òg klage dersom kommunen bare delvis har innvilga søknaden eller har imøtekomme søknaden på ein annan måte enn det du ønskte.
  • 173 Kommunen skal alltid grunngje avslaget, blant anna med kva fakta som etter kommunen sin meining var avgjerande for at søknaden blei avslått.
  • 174 På nettsidene til Statens helsetilsyn finn du informasjon om kva som skal takast med i klagen og korleis du kan klage vidare dersom kommunen ikkje omgjer vedtaket.
  • 175 Korleis klagar eg på eit avslag på sjukeheimsplass?
  • 176 Klage på eit avslag om sjukeheimsplass skal du sende til kommunen som har avslått søknaden.
  • 177 Du kan òg klage dersom kommunen bare delvis har innvilga søknaden eller imøtekomme søknaden på ein annan måte enn det du ønskte.
  • 178 Kommunen skal alltid grunngje avslaget, blant anna med kva fakta som etter kommunen sin meining var avgjerande for at søknaden blei avslått.
  • 179 På nettsidene til Statens helsetilsyn finn du informasjon om kva som skal takast med i klagen og korleis du kan klage vidare dersom kommunen ikkje omgjer vedtaket.
  • 180 Kven har rett på omsorgsløn og kor søkjer eg?
  • 181 Omsorgsløn er ei kommunal betaling til pårørande eller frivillige omsorgsytarar med omsorg for personar som har stort omsorgsbehov på grunn av alder, funksjonshemming eller sjukdom.
  • 182 Hjelpa må ytast i eigen heim.
  • 183 Ingen har rett til omsorgsløn utan vilkår, men kommunen har plikt til å ha ei slik ordning.
  • 184 Du finn meir informasjon om omsorgsløn på nettsidene til Helsetilsynet og i rundskriv om omsorgsløn.
  • 185 Søknad skal sendast til kommunen.
  • 186 Bygge.
  • 187 Har eg rett til bustønad og kva er fristen for å søke?
  • 188 Forholdet mellom husstanden sine bustadutgifter og samla inntekter avgjer om du kan få bustønad.
  • 189 På Husbanken sine internettsider finn du meir informasjon om bustønadordninga, og du kan berekne bustønad.
  • 190 Du finn òg informasjon om Husbanken sine tilskott og lån til bustad- og bygningsrelaterte føremål.
  • 191 Fristen for å søkje om bustønad er den 14. i kvar månad.
  • 192 Utbetalinga skjer den 10. i den etterfølgjande månaden.
  • 193 Søknad om bustønad skal sendast til sosialkontoret (ev. bustadkontoret) i kommunen din.
  • 194 I Oslo sender du søknaden til bydelen din.
  • 195 Du kan sende søknaden via Internett eller skrive ut søknadsskjema frå Husbanken sine nettsider.
  • 196 Kven kan få startlån og kvar søkjer eg?
  • 197 Personar som ikkje får lån frå private banker eller som manglar eigenkapital, som for eksempel unge i etableringsfasen, barnefamiliar, einslege forsørgjarar, funksjonshemma eller flyktningar, kan søkje om startlån.
  • 198 Husbanken har utfyllande informasjon om startlån Søknaden skal sendast til eigen kommune / bydel.
  • 199 Noen kommunar tilbyr elektronisk søknadskjema, dei andre bruker søknadskjema til nedlasting (PDF).
  • 200 Det er opp til den enkelte kommune å vurdere om startlån blir innvilga og kor stort lånet blir.

201-300

endre
  • 201 Korleis kan eg finne fram til godkjente fagfolk når eg treng handverkar?
  • 202 Godkjente handverkarar med meisterbrev kan du finne ved å søkje i Mesterregisteret.
  • 203 På forbrukarsidene til mesterbrev.no får du tips om val av handverkar og informasjon om kva meisterbrev er.
  • 204 Gode råd ved bruk av handverkar og oversikt over rettane dine finn du på forbrukerportalen.no.
  • 205 Kan eg føre opp mindre bygg (for eksempel ein garasje) utan å søkje om byggjeløyve?
  • 206 Du kan gjennomføre mindre tiltak på bygd eigedom dersom naboar er varslet, og dei ikkje krev at du skal søkje om løyve.
  • 207 Du må òg sende melding om tiltaket til kommunen.
  • 208 Dei har 3 veker på seg til å eventuelt krevje at du søkjer om byggjeløyve.
  • 209 Sjå § 86 a i plan- og bygningslova.
  • 210 Dødsfall.
  • 211 Har eg rett til fri frå arbeid for å gå i gravferd?
  • 212 Det er ingen lovbestemt rett til fri frå arbeidet ved gravferd.
  • 213 Dei lovbestemte rettene til fri frå arbeid finn du i kapittel 12 i arbeidsmiljøloven, Rett til permisjon.
  • 214 Fri frå arbeidet i samband med gravferd må derfor enten vere avtalefestet i tariffavtale eller lokalt permisjonsreglement, eller avtalast direkte med arbeidsgjevar.
  • 215 Kvar finn eg informasjon om gravferdsseremoniar?
  • 216 Informasjon om gravferd i regi av Den norske kyrkje finn du på kyrkja.no.
  • 217 Ønskjer du ein gravferdsseremoni utan religiøst innhald, kan du velje humanistisk gravferd.
  • 218 Kvar kan eg få kopi av ein dødsattest?
  • 219 For å få kopi av ein dødsattest kan du kontakte tingretten / byskrivaren for kommunen vedkommande budde i..
  • 220 Du finn meir informasjon om meldingsgangen ved dødsfall på nettsidene til Statistisk sentralbyrå.
  • 221 Erstatningsordningar.
  • 222 Kva ansvar har eg som forelder viss barnet mitt gjer skade på andres eigedom?
  • 223 Barn og unge under 18 år pliktar å erstatte skade som dei volder forsettleg eller uaktsamt.
  • 224 Foreldre svarer for skade med inntil kr 5 000 for kvar enkelt skadevolding.
  • 225 Dei fullstendige reglane om dette finn du i lov om skadeserstatning.
  • 226 Kvar finn eg invaliditetstabellen?
  • 227 Arbeids- og inkluderingsdepartementets invaliditetstabell er ein del av Forskrift om menerstatning ved yrkesskade.
  • 228 Etablering.
  • 229 Kvar kan eg få informasjon om etablering av eigen bedrift?
  • 230 Du finn informasjon om å starte eigen bedrift i Etablerarguiden frå Bedin.
  • 231 For å få hjelp på direkten kan du kontakte Narviktelefonane på telefon 800 33 840 eller på nettprat.
  • 232 Du finn svar på dei vanlegaste spørsmåla om reglar for å starte og drive eigen bedrift på hjelp til regelverk på altinn.
  • 233 Finner du ikkje svar på nettsidene, kan du sende spørsmål på e-post.
  • 234 Familie.
  • 235 Kor store utgifter har ein familie til mat og klede?
  • 236 I SIFOs standardbudsjett finn du kor store dei alminnelege forbruksutgiftene er for ulike typar hushaldningar.
  • 237 Her er det f.eks. ei oversikt over kor store utgifter ein må rekne med til mat og drikke, klede og sko for barn og unge i ulike aldrar.
  • 238 Kor finn eg adresse og telefonnummer til konfliktrådet ?
  • 239 Du finn eit oversyn over konfliktråda i landet på nettsidene til konfliktrådet .
  • 240 Alle kan ta kontakt med konfliktrådet for å få hjelp og rettleiing .
  • 241 Tenesta er gratis , og ho blir tilbydd i alle kommunane i landet .
  • 242 Det er uforpliktande for dei som tek kontakt , og konfliktrådet har teieplikt .
  • 243 Konfliktrådet hjelp å løyse tvister ved megling .
  • 244 Nabokonfliktar , familietvistar og saker knytta til arbeidstilhøve , underslag , arv og skifte er døme på saker konfliktrådet kan hjelpe med .
  • 245 Korleis finn eg kontaktinformasjon til familiekontoret?
  • 246 Dersom du bor i Oslo, kan du finne ut kva familiekontor du hører inn under ved å sjå i denne oversikta frå fylkesmannen.no.
  • 247 Bor du andre stader i landet, kan du søkje i denne lista frå bufdir.no.
  • 248 Flytte.
  • 249 Kven har plikt til å melde flytting?
  • 250 Alle som flytter innan kommunen, mellom norske kommunar, eller til Noreg frå utlandet eller til utlandet, plikter å gje melding til folkeregisteret.
  • 251 Folkeregisteret er ein del av skattekontoret.
  • 252 Alle i familien eller husstanden må melde flytting.
  • 253 Det gjelder spesielle reglar blant anna for skoleelevar, studentar, vernepliktige og einslege pendlarar.
  • 254 Ta kontakt med skattekontoret for å få informasjon.
  • 255 Flytter du frå Noreg til eit anna nordisk land, skal du melde dette direkte til folkeregisterstyringsmakta i innflyttingslandet.
  • 256 Du treng ikkje lenger melde utflytting til det norske folkeregisteret.
  • 257 Alle som stiller sitt husvære til disposisjon for andre, skal melde frå om dei som flytter til eller frå husværet.
  • 258 Dersom du har forsikra deg om at den som flytter sjølv har levert flyttemelding, treng du ikkje melde frå.
  • 259 Du finn meir informasjon om å melde flytting på skatteetaten sine nettsider.
  • 260 Der finn du òg skjema og lenke til levering av flyttemelding på nett.
  • 261 Kvar finn eg informasjon om flytting i Norden?
  • 262 Internettportalen www.hallonorden.org har informasjon til dei som skal flytte til eit anna nordisk land.
  • 263 Portalen vender seg både til privatpersonar, næringsliv og styresmakter.
  • 264 På Hallo Norden finn du blant anna huskeliste ved flytting i Norden og oversikt over offentlege styresmakter som arbeider med flyttespørsmål.
  • 265 Du kan òg sende spørsmål til Hallo Norden.
  • 266 Den nordisk trygdeportalen, www.nordsoc.org, gjev informasjon om trygdereglane for personar som bur, arbeider eller studerer i eit anna nordisk land.
  • 267 Du finn informasjon om kva lovreglar som vedkjem deg i kva land i ulike situasjonar og kva trygdeytingar du kan ha rett til.
  • 268 Nordisk ministerråd står bak Hallo Norden-portalen, mens trygdeorgana i dei nordiske landa har laga trygdeportalen.
  • 269 Kan eg ha ulik bustadadresse og postadresse i folkeregisteret?
  • 270 Ja, det kan du.
  • 271 Den beste måten å få ordna dette på, er å sende eit vanleg brev (ikkje flyttemelding) til folkeregisteret ved skattekontoret.
  • 272 Skriv kva postadresse du ønskjer oppført, og forklar at du held fram med den bustadadressa du alt har.
  • 273 Korleis kan eg registrere meg som pendlar?
  • 274 Du reknast som pendlar når du på grunn av jobb må pendle mellom heim og bustad på arbeidsstaden.
  • 275 For å bli vurdert som pendlar må du i tillegg til å sende flyttemelding legge ved ei grunngjersle for at du skal vere registrert som pendlar.
  • 276 Flyttemeldinga skal sendast til skattekontoret ditt (folkeregisteret er ein del av skattekontoret).
  • 277 Les meir om pendlarar i brosjyren frå skatteetaten.
  • 278 Skattekontoret kan gje nærare informasjon.
  • 279 Kvar får eg tak i bustadbevis?
  • 280 Treng du bustadbevis, f.eks. for å bekrefte sambuarskap eller butid i Noreg, kan du tinge dette frå skattekontoret.
  • 281 Kvar melder eg flytting?
  • 282 Du kan melde flytting over Internett eller levere flyttemelding på papir.
  • 283 Flyttemelding på papir skal sendast til folkeregisteret som er ein del av skattekontoret.
  • 284 Alle som flytter innan kommunen, mellom norske kommunar, eller til Noreg frå utlandet eller til utlandet, plikter å sende flyttemelding.
  • 285 Du må sende melding til skattekontoret innan 8 dagar etter flytting.
  • 286 På nettsidene til skatteetaten finn du meir informasjon om flytting og blankett for melding om flytting.
  • 287 Forbrukar.
  • 288 Finst det offentlege register over kredittopplysingar om privatpersonar?
  • 289 Det finst ikkje offentlege register over betalingsmerknader om privatpersonar.
  • 290 Kredittvurdering av privatpersonar blir utført av private firma.
  • 291 Det er berre det firmaet som har utført kredittvurderinga som kan bruke opplysningane, og ein skal få skriftleg melding kvar gang opplysningane blir brukt.
  • 292 Det er det aktuelle firmaet som òg kan rette opp feilaktige opplysningar.
  • 293 Du finn ei liste over firma som har konsesjon til å drive kredittopplysningsverksemd på nettsidene til Datatilsynet.
  • 294 Du kan finne meir informasjon i spørsmål og svar om kredittopplysing på Datatilsynet sine nettsider.
  • 295 Der finn du òg bransjenorma for inkasso som Norske Inkassobyråers Forening har laga.
  • 296 Har eg rett til å få bytt inn ei gåve eg har fått?
  • 297 Byterett er ikkje regulert ved lov.
  • 298 Retten til byte kan ein enten avtale ved kjøpet, eller retten følgjer av sedvane eller annan praksis i bransjen.
  • 299 I ein relativt kort periode etter jul er det sedvane å gje byterett for dei fleste varer.
  • 300 Sjølv om det elles er sedvane for byterett, må du godta at vara ikkje kan bytast dersom du blir informert om dette ved kjøpet.

301-400

endre
  • 301 At vara ikkje kan bytast, kan gå fram av emballasjen, oppslag i butikken eller på annan måte.
  • 302 Det kan vere lurt å be om eit bytekort når du handlar, uansett om det er sedvane for byterett.
  • 303 Du kan dermed unngå problem i ettertid.
  • 304 Du kan byte vare mot vare.
  • 305 Vara som du ønskjer å byte må vere ubrukt og utan skader.
  • 306 Dersom du ønskjer å byte vara, bør du gå tilbake til butikken så snart som mulig.
  • 307 Som hovudregel må vara bytast i same butikk / kjede som ho er kjøpt.
  • 308 Seljaren kan nekte deg å byte varer som er kjøpt til ordinær pris i varer på sal eller på tilbod.
  • 309 På nettsidene til Forbrukarrådet, forbrukerportalen.no, finn du informasjon om kva rettar du har ved byte av varer.
  • 310 Her finn du òg lenker til lovar og reglar på dette området.
  • 311 Viss det viser seg at du har kjøpt ei vare som har manglar, har du rettar etter forbrukarkjøpsloven.
  • 312 Då har du rett til å få prisavslag, ny vare eller få heva kjøpet, avhengig av om mangelen er vesentleg eller ikkje.
  • 313 Du kan òg krevje at seljaren reparerer vara utan kostnader for deg.
  • 314 Seljaren har elles rett til å prøve å reparere vara før han gjev deg ei ny.
  • 315 Les om varer med manglar på nettsidene til Forbrukarrådet.
  • 316 Her finn du òg informasjon om dine rettar ved kjøp via postordre, telefon, Internett m.m..
  • 317 Kva er rentesatsen for morarenta?
  • 318 Rentesatsen for morarenta (renta ved forsinka betaling) er frå 1. januar 2009 fastsett til 8,25 prosent.
  • 319 Morarenta er ei strafferente du kan bli kravd for viss du betaler rekningane dine for seint.
  • 320 Les meir om morarenta på nettsidene til Finansdepartementet.
  • 321 Her finn du òg ein kalkulator for utreking av morarenta.
  • 322 Forsinkelsesrenteloven finn du på Lovdata.
  • 323 Det er Finansdepartementet som kvart halvår fastset rentesatsen, med verknad frå 1. januar og 1. juli høvesvis.
  • 324 Satsen skal vere Noregs Banks styringsrente, tillagt minst 7 prosentpoeng.
  • 325 Noreg følgjer med dette opp eit EU-direktiv om forsinka betaling.
  • 326 Eg får uønskt reklame på e-post.
  • 327 Kva kan eg gjere for å stoppe dette?
  • 328 Frå 1. februar 2005 ble det forbode å sende ut reklame til fysiske personar via e-post utan å innhente samtykke frå mottakaren på førehand.
  • 329 Får du slik uønskt reklame frå næringsdrivande i Noreg kan du melde frå til Forbrukarombodet.
  • 330 Marknadsføringsloven har òg tidlegare slått fast at det er forbode å sende e-post til forbrukarar utan samtykke.
  • 331 Omgrepet fysiske personar er innført for at ein òg skal få stoppa e-postreklame til individuelle e-postadresser hjå arbeidstakarar og næringsdrivande.
  • 332 Tekst- og multimediemeldingar til mobiltelefon (SMS og MMS) er òg omfatta av dette regelverket.
  • 333 På nettsidene til Forbrukarombodet kan du finne informasjon om regelverket.
  • 334 Les òg § 2 b i marknadsføringsloven eller kontakt Forbrukarombodet viss du ønskjer meir informasjon.
  • 335 Kan eg få sperra tilgangen til spel m.m. på barnas telefon?
  • 336 Frå 1. juli skal alle teleselskap tilby sperreordningar til sine kundar.
  • 337 Dette betyr at alle kan blokkere eller avgrense tilgangen til fellesfakturerte innhaldstenester, slik som ringetonar, spill og å ringe utvalde nummer.
  • 338 Du finn meir informasjon om sperreording på telefonabonnement på Forbrukarrådet sine nettsider.
  • 339 Dersom du mottar mobile innhaldstenester som du ikkje har tinga, kan du klage.
  • 340 På Forbrukarombodet sine nettsider kan du lese om korleis du skal gå fram.
  • 341 Der er Brukarklagenemnda som er klageorgan i slike saker.
  • 342 Kven skal eg kontakte for å endre oppføringa i telefonkatalogen?
  • 343 Ta kontakt med Eniro Noreg AS for å få endre oppføringa i telefonkatalogen, enten via nettsidene eller på telefon 815 44 448.
  • 344 Kan eg reservere meg mot å få telefonkatalogen i papirformat?
  • 345 Ja, du kan reservere deg mot telefonkatalogen på nettsidene til Eniro Noreg AS, som er Telenor sin offisielle katalogutgjevar.
  • 346 Kor stor er inkassosatsen?
  • 347 Frå 1. januar 2009 er inkassosatsen 590 kr.
  • 348 Les meir om rettane dine ved inkasso på Forbrukarrådet sine nettsider.
  • 349 Kor store utgifter har ein familie til mat og klede?
  • 350 I SIFOs standardbudsjett finn du kor store dei alminnelege forbruksutgiftene er for ulike typar hushaldningar.
  • 351 Her er det f.eks. ei oversikt over kor store utgifter ein må rekne med til mat og drikke, klede og sko for barn og unge i ulike aldrar.
  • 352 Korleis får eg retta opp i feilaktige kredittopplysingar om meg?
  • 353 Kredittvurdering av privatpersonar blir utført av private firma.
  • 354 Du må derfor kontakte det aktuelle firmaet for å få korrigert opplysningane.
  • 355 Du finn ei liste over firma som har konsesjon til å drive kredittopplysningsverksemd på Datatilsynet sine nettsider.
  • 356 Sjå òg spørsmål og svar om kredittopplysing på Datatilsynet sine nettsider.
  • 357 Korleis kan eg finne fram til godkjente fagfolk når eg treng handverkar?
  • 358 Godkjente handverkarar med meisterbrev kan du finne ved å søkje i Mesterregisteret.
  • 359 På forbrukarsidene til mesterbrev.no får du tips om val av handverkar og informasjon om kva meisterbrev er.
  • 360 Gode råd ved bruk av handverkar og oversikt over rettane dine finn du på forbrukerportalen.no.
  • 361 Korleis kjem eg i kontakt med Forbrukarrådet?
  • 362 Du kan ringe forbrukartelefonen, sende e-post eller ta kontakt med eit av regionkontora til Forbrukarrådet.
  • 363 På nettsidene finn du klageguide, informasjon om rettane dine ved kjøp og varer og tenester, framlegg til utforming av kontraktar med meir.
  • 364 Kvar finn eg landkodene eg treng når eg skal ringe til utlandet?
  • 365 På Gule Sider finn du ei oversikt over landkodene du treng når du skal ringe til utlandet.
  • 366 Du ringer til utlandet ved å taste 00 + landkode + retningsnummer + nummeret du vil ringe.
  • 367 Kvar kan eg reservere meg mot reklame og telefonsal?
  • 368 Du kan reservere deg mot adressert reklame og telefonsal i Reservasjonsregisteret ved Brønnøysundregistra.
  • 369 Reserver deg via nettet eller telefonnummer 75 00 75 03.
  • 370 For å unngå uadressert reklame må du fylle ut eit skjema på postkontoret.
  • 371 Då får du ein gul klistrelapp til å sette på postkassen.
  • 372 Kontakt Posten på telefonnummer 810 00 710 dersom du ønskjer meir informasjon.
  • 373 Kven skal eg ringe når det er feil på telefonen min?
  • 374 Ta kontakt med det teleselskapet du er abonnent hos.
  • 375 Abonnentar som er tilknytt Telenor sitt fastnett, skal melde feil på telefonnummer 145.
  • 376 Du finn ei oversikt over Telenor sine servicetelefonar her.
  • 377 På nettsidene til Post- og teletilsynet finn du ei oversikt over registrerte tilbydarar av offentleg telenett og offentleg teleteneste.
  • 378 Må eg betale toll av gåver eg får frå utlandet via posten?
  • 379 Sendingar frå utlandet med gåver mellom privatpersonar er toll- og avgiftsfrie så lenge verdien av sendinga er under 1000 kr..
  • 380 Men sendingar med restriksjonar eller særavgifter (for eksempel tobakksvarer eller alkoholhaldige drikkevarer) må fortollast på vanleg måte.
  • 381 For varer frå utlandet er grensa for toll- og avgiftsfritak 200 kr. Les meir om fortolling av sendingar til privatpersonar på Posten sine nettsider.
  • 382 Foreldre og barn. Har eg rett til permisjon ved tilvenning av barn i barnehage eller skole?
  • 383 Det er ingen lovbestemt rett til fri frå arbeidet ved tilvenning av barn i barnehage eller skole.
  • 384 Dei lovbestemte rettane til fri frå arbeid finn du i kapittel 12 i arbeidsmiljøloven, Rett til permisjon.
  • 385 Fri frå arbeidet i samband med skolestart eller oppstart i barnehage må derfor enten vere avtalefest i tariffavtale eller lokalt permisjonsreglement, eller det kan avtalast direkte med arbeidsgjevar.
  • 386 Vil du vite meir om reglar om permisjon og rett til fri frå arbeidet etter arbeidsmiljøloven, kan du kontakte Arbeidstilsynet sin svarteneste på telefon 815 48 222.
  • 387 Har eg rett til å vere heime med eit sjukt barn?
  • 388 Den enkelte arbeidstakar har rett på opptil 10 dagar permisjon med løn pr. år til og med det året barnet fyller 12 år.
  • 389 Dersom du er aleine om omsuta for barnet, har du rett på opptil 20 dagar.
  • 390 Har du fleire enn to barn, har du rett på opptil 15 dagar.
  • 391 Du kan ha utvida rettar om barnet er kronisk sjukt.
  • 392 Reglane finst i arbeidsmiljøloven § 12-9 og folketrygdloven § 9-6.
  • 393 Kva ansvar har eg som forelder viss barnet mitt gjer skade på andres eigedom?
  • 394 Barn og unge under 18 år pliktar å erstatte skade som dei volder forsettleg eller uaktsamt
  • 395 Foreldre svarer for skade med inntil kr 5 000 for kvar enkelt skadevolding.
  • 396 Dei fullstendige reglane om dette finn du i lov om skadeserstatning.
  • 397 Korleis finn eg ut kva eg skal betale i barnebidrag?
  • 398 Du finn informasjon om barnebidrag, inntektsgrenser, bidragsforskott og kva som ligger til grunn for satsane på Nav.no.
  • 399 Her kan du òg sjølv rekne ut bidraget.
  • 400 Satsane for fastsetjing av barnebidrag blir justert 1. juli kvart år.

401-500

endre
  • 401 Les òg om fastsetjing av barnebidrag på nettsidene til Barne- og likestilingsdepartementet.
  • 402 Ta kontakt med det lokale Nav-kontoret viss du treng meir informasjon eller hjelp til utregning.
  • 403 Det er innkrevjingssentralen hjå Arbeids- og velferdsetaten som står for innkrevjing og formidling av barnebidraget.
  • 404 Kvar finn eg satsane for barnetrygd og kontantstønad?
  • 405 Du finn satsane for barnetrygd og kontantstønad på arbeids- og velferdsetaten sine nettsider, www.nav.no.
  • 406 Kvar kan eg finne informasjon om au pair-ordninga?
  • 407 UDI har informasjon om au pair-ordninga på nettsidene sine.
  • 408 Her finn du blant anna informasjon om kven som kan få arbeidsløyve, krav til vertsfamilien og korleis ein kan søkje.
  • 409 Au pairen skal ha ein skriftleg arbeidsavtale som regulerer arbeidstida og gjev au pairen visse rettar, som rett til minimumslønn og høve til å delta i norskopplæring betalt av vertsfamilien.
  • 410 Les meir om dette i eit rundskriv frå UDI.
  • 411 Forvalting og styringsverk.
  • 412 Kva er dei korrekte fargene på det norske flagget?
  • 413 Fargekodane for det norske flagget ved trykk på papir er i Pantone fargesystem : Raud : PMS 032 U Blå : PMS 281 U Ved bruk av av NCS-kodar svarer dette til Raud PMS 032 : S 0570-Y90R eller S 1070-Y90R Blå PMS 281 U = S 5040-R70B eller S
  • 414 Kva er skilnaden på avgift og gebyr?
  • 415 Avgifter er indirekte skattar som vert pålagt innanlandsk omsetting og import av varer og tenester.
  • 416 Ei avgift kan vere generell slik som meirverdiavgifta, eller ho kan berre gjelde visse varer og tenester, sokalla særavgifter.
  • 417 Ved å betale ein indirekte skatt (ei avgift), får ein ingen direkte rettar til motyting i form av ei bestemt vare eller teneste.
  • 418 Dette til skilnad frå eit gebyr, som er ei betaling for ei offentleg eller privat utført teneste.
  • 419 For offentlege tenester har ein normalt som føresetnad at inntektene frå gebyra ikkje skal overstige kostnaden ved å framskaffe tenesta.
  • 420 Kvar får eg tak i stortingsmeldingar, NOU-er og brosjyrar?
  • 421 Offentlege publikasjonar frå Stortinget og regjeringa, særtrykk av lovar m.m. kan du få kjøpt hos Fagbokforlaget, avdeling for offentlege publikasjonar, telefon 55 38 66 00, e-post offpub@fagbokforlaget.no.
  • 422 For å tinge brosjyrar må du ta kontakt med den etaten som gjev ut brosjyren.
  • 423 Kontaktinformasjon til etatane finn du på www.norge.no.
  • 424 Offentlege etatar kan tinge brosjyrar og publikasjonar frå servicesenteret i Departementa, telefon 22 24 20 00, e-post publikasjonsbestilling@dss.dep.no.
  • 425 Kva land er med i EØS-avtalen?
  • 426 EØS-avtalen omfattar EU-landa og EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein.
  • 427 EØS gjev Noreg og nordmenn dei same rettar og plikter som andre EØS-land og deira borgarar når det gjeld handel med varer, investeringar, bank- og forsikring, kjøp og sal av tenester, og rett til å ta arbeid, studere og bo i an
  • 428 På europaportalen.no kan du lese meir om å leve i EØS. Kva land er med i Schengen-området?
  • 429 I 2009 omfattar Schengen-avtalen følgjande 25 europeiske land : Belgia, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Island, Italia, Latvia, Litauen, Luxemburg, Malta, Nederland, Noreg, Polen, Portugal, Slovakia,
  • 430 Liechtenstein og følgjande EU-land er foreløpig ikkje omfatta av Schengen-samarbeidet : Bulgaria, Irland, Kypros, Romania og Storbritannia.
  • 431 Norske borgarar bør ta med pass òg på reiser innanfor Schengen-området, idet passet er det einaste dokumentet som tilfredsstiller internasjonale krav til identifikasjonspapir.
  • 432 Schengen-landa samarbeider mellom anna om grensekontroll og overvaking av områdets ytre grenser.
  • 433 Du kan lese meir om Schengenavtalen på nettsidene til den norske EU-delegasjonen.
  • 434 Kva land er medlemmer i EU?
  • 435 Frå og med 1. januar 2007 har EU 27 medlemsland: Belgia, Frankrike, Tyskland, Italia, Luxemburg, Nederland, Danmark, Irland, Storbritannia, Hellas, Portugal, Spania, Austerrike, Finland, Sverige, Kypros, Tsjekkia,
  • 436 Kva land har euro som valuta?
  • 437 Euro er pr. januar 2009 innført som valuta i 16 EU-land : Belgia, Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Italia, Kypros, Luxemburg, Malta, Nederland, Portugal, Slovakia, Slovenia, Spania, Tyskland og Austerrike.
  • 438 I tillegg er euro òg offisiell valuta i Andorra, Monaco, San Marino og Vatikanstaten.
  • 439 Du kan lese meir om euro på EU-kommisjonen sine nettsider ( engelsk ).
  • 440 Kvar finn eg oversikt over kommunenumra?
  • 441 Du finn ei oversikt over kommunenummer på Kommunenøkkelen.
  • 442 På Noreg.no finn du kommunenummeret til dei enkelte kommunane og fylkeskommunane ved å klikke på namnet.
  • 443 Kvar finn eg satsane for arbeid i offentlege råd og utval?
  • 444 Du finn satsane for godtgjersle til leiar, medlemmer og sekretærar i statlege utval i Statens personalhandbok.
  • 445 Dei tidlegare sentralt fastsette satsane for utvalsgodtgjersle er opphevt og erstatta med rettleiande satsar.
  • 446 Det er egne rettleiande satsar for sjølvstendige næringsdrivande.
  • 447 Statens personalhandbok finst både i trykt og i elektronisk form.
  • 448 Den elektroniske utgåva er ein del av Odin-tenesta, og er gratis for alle brukarar.
  • 449 Kvar kan eg finne ei oversikt over flagg- og heilagdagar i Noreg?
  • 450 Du finn ei oversikt i heftet Minifakta om Noreg på nettsidene til Statistisk sentralbyrå.
  • 451 Sjå òg Lov om 1. og 17. mai som høgtidsdagar og Lov om heilagdagar og heilagdagsfred.
  • 452 Desse lovene lister opp dei heilagdagane vi har i landet.
  • 453 På Utanriksdepartementet sine nettsider finn du ei oversikt over offisielle flaggdagar.
  • 454 Kven har plikt til å flagge på offisielle flaggdagar?
  • 455 Statlege verksemder skal flagge på dei offisielle flaggdagane.
  • 456 Det er ingen lovpålagt plikt for kommunale eller fylkeskommunale verksemder å flagge, men det er vanleg at dei òg gjer det.
  • 457 Privatpersonar har ingen plikt til å flagge.
  • 458 Les meir om flagging i 'forskrift vedrørande bruk av statsflagget og handelsflagget'.
  • 459 Kven kan svare på spørsmål om bruk av flagget?
  • 460 For å få svar på spørsmål om bruk av flagget kan du ta kontakt med diplomatseksjonen i avdeling for kultur, noregsfremme og protokoll i Utanriksdepartementet.
  • 461 På nettsidene deira finn du òg ei oversikt over offisielle flaggdagar.
  • 462 Du finn òg informasjon i 'forskrift vedrørande bruk av statsflagget og handelsflagget'.
  • 463 Kor mange er tilsette i staten?
  • 464 129 105 personar var tilsette i det statlege tariffområdet i 2006.
  • 465 Dette talet finn du i brosjyra Lommestatistikk for statsforvaltninga 2007 som blant anna inneheld talet på tilsette frå 1993 til 2006, prosentdel kvinner, aldersfordeling, sjukefråver, lønn, talet på leiarar, osb.
  • 466 Statistikken omfattar alle statlege verksemder der arbeidstakarane får lønns- og arbeidsvilkår fastsett etter statens lønnsregulativ.
  • 467 Statistikken omfattar ikkje tilsette i statlege føretak, statlege aksjeselskap, statlege stiftingar og andre organisasjonar som staten eig.
  • 468 Tala omfattar i hovudsak heller ikkje statlege toppleiarar og dommarar.
  • 469 Kva tid startar sommartida?
  • 470 Sommartida startar kl. 02.00 siste søndag i mars.
  • 471 Då skal klokka stillast ein time fram, frå 02.00 til 03.00.
  • 472 Med sommartid meiner ein den perioden av året då klokka skal stillast ein time fram i forhold til resten av året.
  • 473 Noreg er gjennom EØS-avtalen knytt opp til EU sitt regelverk på dette området.
  • 474 Les meir i forskrift om sommartid.
  • 475 Sommartida tar slutt kl. 03.00 siste søndag i oktober.
  • 476 Då skal klokka stillast ein time tilbake, altså frå 03.00 til 02.00.
  • 477 Har du problem med å huske kva veg klokka skal stillast?
  • 478 Ein god hugseregel - klokka skal alltid stillast mot næraste sommar.
  • 479 Skal flagget på heil eller halv stong når det er gravferd og offisiell flaggdag på same dag?
  • 480 Det er ikkje noko regelverk som gjev svar på dette spørsmålet.
  • 481 Det blir i slike tilfelle opp til leiinga ved institusjonen eller den statlege verksemda å avgjere kva som blir det vektigaste.
  • 482 Og for f.eks. ein sjukeheim vil truleg omsynet til den avdøde vege tyngst.
  • 483 Så lenge ein flaggar enten på heil eller halv stong, gjer ein ikkje noe galt.
  • 484 Treng de meir råd om flagging, kan de kontakte diplomatseksjonen i avdeling for kultur, noregsfremme og protokoll i Utanriksdepartementet.
  • 485 Fri rettshjelp.
  • 486 Kvar kan eg få informasjon om fri rettshjelp?
  • 487 Fri rettshjelp betyr at staten heilt eller delvis kan dekkje utgiftene til advokathjelp.
  • 488 Treng du fri rettshjelp, kan du kontakte advokat, Fylkesmannan i fylket ditt eller domstolane.
  • 489 Du finn informasjon om fri rettshjelp på nettsidene til Fylkesmannan og på Rettsrad.no.
  • 490 Lov om fri rettshjelp finn du på Lovdata.no.
  • 491 Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og fri saksførsel.
  • 492 Fritt rettsråd er rettleiing og hjelp i juridiske spørsmål utanfor rettargang, for eksempel utforming av søknader og klagar og korrespondanse med motpart.
  • 493 Rettsråd omfattar òg rein rådgjeving frå advokat.
  • 494 Fri sakførsel er rettshjelp i saker som går for domstolane.
  • 495 I noen saker kan du få fri rettshjelp uavhengig av inntekt og formue.
  • 496 I andre saker er det eit vilkår at du er under visse inntekts- og formuesgrenser.
  • 497 Fritid.
  • 498 Er det lov å brenne bråte?
  • 499 Den enkelte kommune har fullmakt til å tillate eller forby utandørs brenning eller brenning av avfall i småomnar.
  • 500 Kommunen kan lage lokale forskrifter der slik brenning ikkje er tillate i heile eller i delar av kommunen.