Wikipedia:Wikiprosjekt Maskinomsetjing frå bokmål

Dette er eit wikiprosjekt for å organisera arbeidet med å omsetje artiklar frå andre språk, framfor alt bokmål, dansk og svensk, til nynorsk med hjelp av maskinomsetjing. Denne sida og dei underordna sidene inneheld forslag til korleis dette kan gjerast. Me vonar at dette prosjektet kan vera med på å fokusera innsatsen til andre wikipedianarar. Viss du har lyst å vera med å hjelpa, sjå på diskusjonssida for kva som må gjerast, eller berre gå i gang med å leggje til manglande omsetjingar.

Siste nytt:

Sjå denne nettsida for ei enkelt installasjonsrettleiing, spesielt tilrettelagt for nynorsk-bokmål.

Korleis arbeide på prosjektetEndra

OmsetjeEndra

  1. Finn artikkel på nb, kopier kjeldekoden (altså trykk først "Rediger", og deretter kopier)
  2. Sett om artikkelen med Apertium, t.d. her. Du kan også installere Apertium på eiga maskin.
  3. Bruk scriptet Perlscript for postprosessering av Apertium (det går fint utan dette scriptet også, men då må du rydde opp i interwikilenkjene og leggje til {{språkvask}}-mal sjølv)
  4. Lim inn i nn.

Rette omsetjingar/finne feilEndra

  • Gå gjennom kategorien Kategori:Omsett med Apertium
  • Noter gjerne manglande ord, og legg til i Apertium eller på sida manglande omsetjingar
  • Noter au gjerne «rare» omsetjingar (frasar som høyrest «feil» ut, ord som ikkje stemmer), spesielt om du ser eit mønster, og meld frå til Trondtr eller Unhammer eller andre involverte
går det an å (automatisk) få lasta ned redigeringshistoria til alle artiklane i Kategori:Omsett med Apertium ? Det hadde vore nyttig…

Når artikkelen er ferdig språkvaska, skal han få kategorien Kategori:Opphavleg omsett med Apertium (og miste «språkvask»-malen). Kategorien Opphavleg omsett med Apertium er skjult for vanlege brukarar.

Forbetre ApertiumEndra

DeltakararEndra

MålsetjingarEndra


BakgrunnEndra

2009: Bakgrunnen til dette prosjektet var eit framlegg frå hausten 2005 om å bruke Nyno til å omsetje artiklar frå bokmål. Etter framlegget var det ein diskusjon, med fleire konstruktive framlegg, og med ein test med 10 maskinomsette artiklar. Dessverre har vi i dag, desember 2009, framleis ikkje fått tilgang til Nyno. Dermed ser vi no på eit alternativ med open kjeldekode, Apertium. Ulempa med Apertium er at det berre er i ein utprøvingsfase for språkparet bokmål-nynorsk, og dermed ei god stund framover ikkje vil vere så god som Nyno. Fordelen er at Apertium er tilgjengeleg, og at det er mogleg å bidra til programmet sjølv. Det kan også brukast frå nynorsk til bokmål, og i framtida kanskje også mellom nynorsk og andre nordiske språk (sv-da har t.d. fått prosjektstøtte sommaren 2009). Apertium har i dag m.a. html, rtf, odf, doc og pdf som inn-ut-format, og det er planar om å inkludere wikipedia -formatet også.

apertium-nn-nb (nynorsk-bokmål-modulen i Apertium) blei forbetra sommaren 2009 med stønad frå en:Google Summer of Code, sjå prosjektplanen. Utgåve 0.6.0 kom ut 17.august 2009, og me vil gjerne ha folk til å teste og hjelpe til – modulen er enno under utvikling!

Vi sette i september 2009 i gang ein test for Apertium, og 500 setningar vart omsett til ein gullstandard. Testsida er lagt ut på Wikipedia:Wikiprosjekt_Maskinomsetjing_frå_bokmål/Test-webside. Resultata av testen blir publisert i november 2009 (artikkel, presentasjon).


InfoboksarEndra

  • List infoboksar som er brukte i prosjektet

MalarEndra

Sjå ellesEndra