Wilde Pfaff er ein 3 456 meter over havet høg fjelltopp i Stubaieralpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol.

Wilde Pfaff
fjell
Wilde Pfaff til venstre, med Zuckerhütl midt på biletet
Land  Austerrike,  Italia
Fjellkjede Stubaieralpane
Høgd 3 456 moh.
Primærfaktor 116 m
Førstestiging 1870
Koordinatar 46°57′57″N 11°9′52″E / 46.96583°N 11.16444°E / 46.96583; 11.16444
Kart
Wilde Pfaff
46°57′57″N 11°09′52″E / 46.965833333333°N 11.164444444444°E / 46.965833333333; 11.164444444444
Wikimedia Commons: Wilder Pfaff

Wilde Pfaff ligg like aust for Zuckerhütl, den høgste fjelltoppen i Stubaieralpane. Mange av dei som klatrar til topps på Zuckerhütl tek også turen til Wilde Pfaff, sidan det tek berre ei 20 minuttar å kome opp på toppen av fjellet frå skaret mellom dei to toppane.

Richard Gutberlet vart 26. juli 1870 fyrstemann på toppen av Wilde Pfaff, saman med fjellførarane Andrä Purtscheller og Alois Tanzer.

Kjelder endre