Wilhelm Blystad
Wilhelm Arnt Blystad (15. september 1881–4. juli 1954) var ein norsk friidrettsutøvar frå Oslo. Han representerte IK Tjalve.
Wilhelm Blystad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. september 1881 Oslo |
Død | 4. juli 1954 (72 år) Oslo |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1908 |
Han deltok i Sommar-OL 1908, der han først konkurrerte i 110 meter hekk, men fullførte ikkje løpet, og vart slått ut. Seinare kom han på åttandeplass i ståande høgdehopp, med eit hopp på 1,42.[1] På nasjonalt nivå vart han norsk meister på 110 meter hekk i 1904, og vann sølv i 1900 og 1902.[2] Han vart òg noregsmeister i høgdehopp i 1902, og vann sølv i 1903 og 1904.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wilhelm Blystad» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2009.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- «Wilhelm Blystad» (på engelsk). Olympedia. Henta 23. februar 2023.