Wilhelm Egon von Fürstenberg

Vilhelm Egon av Fürstenberg (2. desember 162910. april 1704) var ein tysk geistleg som var biskop av Strasbourg.

Wilhelm Egon von Fürstenberg

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 2. desember 1629
Heiligenberg
Død

10. april 1704 (74 år)
Paris

Yrke katolsk prest, katolsk biskop
Språk tysk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Egon VIII of Fürstenberg-Heiligenberg
Wilhelm Egon von Fürstenberg på Commons

Han starta karrieren sin som soldat i fransk teneste.

Han reiste i lag med broren sin, Frans Egon, til hoffet til kurfyrsten av Köln. I 1672 hadde dei to brørne klart å få i stand ein allianse mellom det franske monarkiet og Kurfyrstedømet Köln. Vilhelm vart då teken til fange av keisaren sine soldatar i klosteret St. Pantaleon i Köln, og ført til Wien der han vart stilt for retten. Han vart redda av den pavelege apostoliske nuntiaturen i Köln, men vart halden i fengsel fram til freden i Nijmwegen (1679) vart underteikna.

Som løn for tenestene sine utpeikte Ludvig XIV han til biskop av Strasbourg og vart i 1686 av pave Innocens XI utpeikt til kardinal. I 1688 vart han vald til medhjelparen til erkebiskopen av Köln. Etter at Ludvig XIV tapte i niårskrigen mista derimot Vilhelm alle embeta sine og reiste attende til Frankrike. Han busette seg i St-Germain-des-Prés-klosteret nær Paris, der han døydde 10. april 1704.

Kjelder endre