Wilhelm Meisterlin

Wilhelm Meisterlin (31. mars 187816. mars 1954) var ein norsk forretningsmann og luftfartspioner frå Trondheim. Han var ein pioner i norsk ruteflyging og bidrog aktivt til at Noreg fekk si fyrste internasjonale flyrute i 1927.

Wilhelm Meisterlin

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. mars 1878
Trondheim
Død

16. mars 1954 (75 år)
Oslo

Yrke forretningsdrivande

Meisterlin var son til ein bankmann. Etter eksamen ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt i 1897 reiste han til Sør-Afrika, der han deltok i boerkrigen som britisk offiser. Åra 1902-05 heldt han fram i det militære i Transvaal, til han så starta opp ei forretning i Johannesburg som selde utstyr til gruveindustrien. I 1908 avvikla han verksemda i Sør-Afrika og reiste tilbake til Noreg og etablerte seg i Kristiania med agentur for britisk stål og maskinvare.

Som agent for flyfabrikken Handley Page organiserte Meisterlin i august 1919 den fyrste passasjerflyging frå Storbritannia, via Nederland og Danmark, til Kjeller med eit ombygd bombefly. I 1927 etablerte han Norske Luftruter A/S, og vart agent for Deutsche Luft Hansa. Same sommaren opna det tyske selskapet den fyrste permanente flyruta på Noreg.

Meisterlin søkte i 1934 konsesjon på flyruter i Noreg, men konsesjonen gjekk til Det Norske Luftfartselskap, eit nyskipa firma kontrollert av det pengesterke skipsreiarlaget Fred. Olsen. Samstundes mista Meisterlin Lufthansa-agenturet.

Meisterlin var styremedlem i Norsk Luftseiladsforening, selskapet som organiserte polferdene med flybåtane N-24 og N-25 i 1925, og luftskipet Norge i 1926. Han var elles den fyrste formannen i Norsk Aero Klubb etter avdøde Roald Amundsen.

Kjelder endre