Opna hovudmenyen
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Norsk Aero Klubb (NAK) var eit norsk forbund for all luftsport fram til samanslutninga med Norges Luftsportforbund i 2003.

Norsk Aero Klubb vart stifta 3. mai 1928 med Roald Amundsen som fyrste formann for samskipnaden. Amundsen var berre med på eitt styremøte før han omkom i juni same år.

NAK var dei første åra ein samskipnad med sete i Oslo. I Ole Reistads formannsperiode vart NAK i 1937 omdanna til å verta eit landforbund for tilknytte klubbar.

NAK organiserte opphavleg motorflyging og modellflyging. Seglflyging vart starta i Noreg av NAK i 1932 og seinare vart fallskjermhopping, hanggliding, paragliding, ballongflyging og mikroflyging organisert i forbundet.

I 1971 vart Noregs Luftportforbund (NLF) stifta for at fallskjerm og seglflyging kunne takast opp som idrettar i Noregs Idrettsforbund og Olympiske Komité. NLF og NAK hadde felles administrasjon. Etter at alle NAKs aktivitetar var vorten aksepterte som idrettar vart det i 2003 vedteke å slå saman dei to forbunda. Namnet på det samanslutta forbundet er Norges Luftportforbund.

KjelderEndra