Wilhelm Munthe

norsk bibliotekar

Abraham Wilhelm Støren Munthe (20. oktober 188318. desember 1965) var ein norsk bibliotekmann frå Oslo. Han var far til økonomen Preben Munthe.

Wilhelm Munthe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. oktober 1883
Oslo
Død

18. desember 1965 (82 år)
Oslo

Yrke bibliotekar, genealog
Språk norsk
Ektefelle Jenny Hempel
Wilhelm Munthe på Commons

Munthe vart utdanna cand.philol. ved universitetet i Kristiania i 1911. Han arbeidde på Universitetsbiblioteket frå 1908, der han var overbibliotekar i tida 1922-53. Elles var han med å skipe Videnskapelige Tjenestemenns Landsforening og Norske Statsbibliotekarers Forening, der han var formann 1920-25. Også formann 1940-46 i Den Norske Turistforening og frå 1952 i Norsk Slektshistorisk Forening.

Munthe gav ut fleire bøker, mellom dei Statsborgeren og Peder Soelvold i 1907, De norsk bibliotekers historie i 1927, Litterære falsknerier i 1942, Boknåm i 1943 og Professor Ludvig Daae i1944.

Kjelder endre