Willem van Hanegem

nederlandsk fotballspelar

Willem van Hanegem (fødd 20. februar 1944) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Breskens i Zeeland. Han var midtbanespelar på Feijenoord då klubben vann europacupen i 1970 og UEFA-cupen i 1974. I 1974 spelte han for det nederlandske laget som tapte VM-finalen mot Vest-Tyskland.

Willem van Hanegem
Willem van Hanegem i 1978
Personleg informasjon
Fullt namn Willem van Hanegem
Fødd 20. februar 1944 (80 år)
Fødestad Breskens i Nederland
Høgd 185 cm
Posisjon Sentral midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1962–1966 Velox SC 109 (39)
1966–1968 Xerxes 68 (32)
1968–1976 Feyenoord 246 (88)
1976–1979 AZ'67 75 (10)
1979 Chicago Sting 27 (6)
1979–1981 Utrecht 54 (3)
1981–1983 Feyenoord 51 (2)
Landslag
1968–1979 Nederland 52 (6)
Trenar for
1990–1991 USV Holland
1991–1992 FC Wageningen
1992–1995 Feyenoord
1995–1996 Al-Hilal
1997–1999 AZ
2001 Sparta Rotterdam
2007–2008 Utrecht
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel endre

Etter fire år med den lokale klubben Velox, flytta Hanegem i 1966 til Rotterdam og var aktiv i to år på toppserielaget Xerxes. Frå 1968 til 1976 spelte han på Feyenoord. Med klubben frå Rotterdam vann han tre seriemeisterskap, den nasjonale cupmeisterskapen 1969, Europacupen i fotball 1970 og UEFA-cupen 1974. Tida 1976-79 gjorde Hanegem teneste i AZ Alkmaar, der han i 1978 var med å vinne den nasjonale cupmeisterskapen. Etter eit mellomspel i USA spelte han to sesongar på FC Utrecht, før han 1981-83 avslutta med gamleklubben Feyenoord.

Landslagsspel endre

Hanegem deltok i 52 landskampar for Nederland i tida frå mai 1968 til september 1979. Under verdsmeisterskapen i Vest-Tyskland sommaren 1974 spelte han alle sju kampane i turneringa, ei turnering som enda med eit forsmedeleg 1-2-tap for Hanegem og Nederland. To år seinare var han innbytar då Nederland tapte EM-semifinalen mot Tsjekkoslovakia. Han skåra i alt fem landslagsmål.

Merittar endre

  • Vinnar av Europacupen: 1970 med Feyenoord
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1974 med Feyenoord
  • Nederlandsk seriemeister: 1969, 1971, 1974 med Feyenoord
  • Nederlandsk cupmeister: 1969 med Feyenoord og 1978 med AZ Alkmaar
  • VM-sølv: 1974 for Nederland
  • EM-bronse: 1976 for Nederland

Kjelder endre