UEFA-cupfinalen i fotball 1974

UEFA-cupfinalen i fotball 1974 stod mellom nederlandske Feyenoord frå Rotterdam og engelske Tottenham Hotspur frå London, og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 21. mai på White Hart Lane i London med 46 281 på tribunane, returkampen vart avvikla 29. mai på De Kuip i Rotterdam framfor 59 317 tilskodarar. Feyenoord sigra med 4 mål mot 2.

Kampane endre

På heimebane i London tok Tottenham leiinga i det 39. minutt ved midtstopparen Mike England, Willem van Hanegem utlikna til 1-1 allereie fire minutt seinare. 64 minuttar ut i kampen var Tottenham atter i føringa, då etter eit sjølvmål. I det 85. minutt utlikna Theo De Jong for Feyenoord til 2-2.

I Rotterdam leia heimelaget 1-0 ved pause, forsvarsspelaren Wim Rijsbergen fann nettmauskane i det 43. minutt. Peter Ressel skåra kampens siste mål då han la på til 2-0 i det 84. minutt.

Laga endre

Feyenoord sitt vinnarlag bestod: av Eddy Treijtel, Wim Rijsbergen, Joop van Daele, Rinus Israel (kaptein), Harry Vos, Wim Jansen, Theo de Jong, Willem van Hanegem, Peter Ressel, Lex Schoenmaker, Jørgen Kristensen, Mladen Ramljak og innbytarane Johan Boskamp, Henk Wery.

Tottenham mønstra: Pat Jennings, Ray Evans, Mike England, Phil Beal, Terry Naylor, Chris McGrath, John Pratt, Steve Perryman, Martin Peters, Martin Chivers, Ralph Coates, Mike Dillon, Phil Holder.

Dommarar endre

Rudolf Scheurer frå Sveits var kampleiar i London, Concetto Lo Bello frå Italia styrte kampen i Rotterdam.

Kjelder endre