Patrick Henry

amerikansk advokat og politikar

Patrick Henry (29. mai 17366. juni 1799) var ein amerikansk politikar og fridomskjempar. Henry var son av ein skotsk utvandrar og i 1760 vart han sakførar i heimstaten Virginia. I dette embetet utmerka han seg snøgt som ein dugeleg orator, og skapte seg eit omdøme ved å forsvare skattebetalarane sine interesser i ein rettssak om løningar for prestestanden. I 1765 vart han medlem av den lovgjevande forsamlinga Virginia, og som ein uforsonleg motstandar av den såkalla stempellova, som var ei britisk skattlegging av koloniane, vart han snart leiar for forsamlinga. Det var etter initiativ frå Patrick Henry at den lovgjevande forsamlinga i Virginia fordømde skattlegging utan politisk representasjon som eit trugsmål mot koloniane sin fridom.[1]

Patrick Henry

Fødd29. mai 1736
Hanover County
Død6. juni 1799 (63 år)
Statsborgar avUSA
Yrkepolitikar, advokat, skribent
MorSarah Winston Syme Henry
FarJohn Henry
EktefelleSarah Shelton Henry, Dorothea Dandridge Henry
Alle verv
  • Governor of Virginia (1776–1779) Sjå dette på Wikidata

Henry gjekk saman med Thomas Jefferson inn for at dei tretten koloniane skulle stå saman i opposisjon til Det britiske imperiet, og Henry spelte ei viktig rolle på kongressen i Philadelphia i 1774 som representant for Virginia. I 1775 føreslo han at Virginia laut opprette ein hær og bu seg på militær konfrontasjon, og heldt i denne samanhengen ein vidgjeten tale han runda av med orda Give me Liberty or give me Death! (no. gjev meg fridom eller gjev meg døden!). I 1776 vart han vald til den fyrste guvernøren av Virginia, og sat seinare ein andre periode i embetet.

Under striden om forfatninga av delstatane i 1788 gjekk Henry inn for dei einskilde statane sine rettar, men tok i sine seinare år eit meir føderalistisk standpunkt.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Keith W. Olson, red. (ca. 1982). An outline of American history. U.S. Information Service. s. 28. 
  Denne historieartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.