Willy Wold
Willy Arne Wold (26. august 1929–13. februar 1996) var ein norsk fisketilverkar og -eksportør og senterpartipolitikar frå Værøy.
Willy Wold | |||
Fødd | 26. august 1929 Værøy | ||
---|---|---|---|
Død | 13. februar 1996 (66 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Liv
endreWold var son til fisketilvirkar og trygdeassistent Nordahl Christensen (1906–1981) og kona hans Anna Jakobsen (1905–1966). Etter handelsskule var Wold fiskar frå 1946 til 1953. Der etter dreiv han handel med trelast og byggevarer, samstundes som han var fisketilverkar. Han avslutta byggefirmaet i 1969 og satsa frå kring 1975 også på fiskeeksport.
Politikk
endreWold var varamedlem i Værøy kommunestyre i perioden 1959–1963, medlem i perioden 1963–1967, og ordførar i periodane 1967–1971 og 1975–1979. Han sat i formannskapet i perioden 1971–1975.
Han sat i Nordland fylkesting i perioden 1967–1971.
Wold blei vald inn på Stortinget frå Nordland i 1969 og attvald i 1973. Alle åtte åra på Tinget var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Elles var han varamedlem i Valkomiteen og i den andre perioden medlem i Fullmaktskomiteen.