Wim Slijkhuis
Willem Frederik Slijkhuis, kjend som Wim Slijkhuis, (13. januar 1923–28. juni 2003) var ein nederlandsk friidrettsutøvar frå Leiden som vart europameister på 1500 meter i 1950 i Brussel.
Wim Slijkhuis | |
Slijkhuis til høgre, saman med Hans Harting i 1951 | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
Fødd | 13. januar 1923 Leiden |
Død |
28. juni 2003 (80 år) |
Yrke | langdistanseløpar, mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar |
Høgd | 174 centimeter |
Wim Slijkhuis på Commons |
Aktiv
endreSlijkhuis tok sølvmedaljen på 5000 m då EM i friidrett 1946 vart avvikla på Bislett stadion i Oslo på tida 14.14,0, hans endelege personbeste på distansen. To år seinare deltok han i dei olympiske leikane 1948 i London. Her vann han to bronsemedaljar, fyrst på 5000 meter og fire dagar seinare på 1500 meter. På halvmila kom han i mål ei ni sekundar bak dei to som kjempa om sigeren, men på 1500 meter kjempa han drabeleg om gullmedaljen mot svenskane Henry Eriksson og Lennart Strand. Eriksson vann på 3.49,8, Strand og Sljikhuis var begge seks tidels sekund bakom, men Strand vart dømd fyrst.
I 1949 forbetra Slijkhuis den nederlandske rekorden på 1500 m til 3,43,8, einast åtte tidels sekund bakom verdsrekorden. Under EM i friidrett 1950 vann han gullmedaljen på 1500 m, seks tidels sekund framom franske Patrick El Mabrouk.
Slijkhuis vart slått ut i forsøket på 1500 m under Sommar-OL 1952 i Helsinki, og la opp i 1954.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Willem Slijkhuis» frå Wikipedia på tysk, den 10. august 2015.