Windows 95

operativsystem

Windows 95 var eit operativsystem utgjeve av Microsoft den 24. august 1995. Før utgjevinga vart det omtala både som Windows 4 og det interne kodenamnet Windows Chicago. Windows erstatta forgjengaren Windows 3.1. Skilnadane mellom dei to utgåvene var store. Windows 3.11 og tidlegare utgåver, var operativmiljø som kjøyrde oppå MS DOS, medan den nye utgåva var eit sjølvstendig operativsystem integrert med MS DOS 7.0.

Windows 95 vart etterfulgd av Windows 98 den 25. juni 1998.

UtgåverEndra

Utgåve - Versjon - Lansert - Internet Explorer - USB støtte - FAT32 støtte - DMA støtte
Windows 95 Retail - 4.00.950 - 1995 - ingen (1.0 i Plus Pack) - nei - nei - nei
Windows 95 Retail SP1 - 4.00.950A - 1995 - ingen (1.0 i Plus Pack) - nei - nei - nei
OEM Service Release 1 - 4.00.950A - 1995 - 1.0 - nei - nei - nei
OEM Service Release 2 - 4.00.1111 (4.00.950B) - 1996 - 3.0 - nei - ja - ja
OEM Service Release 2.1 - 4.03.1212-1214 (4.00.950B) - 1996 - 3.0 - ja - ja - ja
OEM Service Release 2.5 - 4.03.1214 (4.00.950C) - 1997 - 4.0 - ja - ja - ja