Winter Island
Winter Island er ei øy 0,5 nautiske mil (0,9 km) lang og som ligg 0,1 nautiske mil (0,2 km) nord for Skua Island i Argentine Islands i Wilhelm Archipelago. Winter Island vart namngjeven av British Graham Land Expedition (BGLE), 1934–37, som gjorde denne øya til vinterbasen sin i 1935.
Winter Island | |||
øy | |||
Base F på Winter Island
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Argentine Islands | ||
Koordinatar | 65°15′S 64°16′W / 65.250°S 64.267°W | ||
Winter Island 65°15′00″S 64°16′00″W / 65.25°S 64.2667°W | |||
Wikimedia Commons: Winter Island (Antarctica) |
Falkland Islands Dependencies Survey oppretta ein base på Winter Island i 1947, Base F (Argentine Islands).[1] Hovudhytta vart bygd på staden til den gamle BGLE-hytta, og fekk namnet «Wordie House» etter sir James Wordie, medlem av Shackleton sin Imperial Trans-Antarctic Expedition som vitja hytta under bygginga.[2]
Basen vart flytta til den nærliggande IÎles Galindez i mai 1954, og kalla Faraday Station i 1977.
Wordie House har vorte bygd opp att og er i dag eit historisk minnesmerke.[3]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Winter Island» frå Wikipedia på engelsk, den 21. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ BAS Faraday Station F[daud lenkje]
- ↑ «History». Ukrainian Antarctic Station «Akademik Vernadsky». Henta 21. oktober 2012.
- ↑ «Wordie House». British Antarctic Survey. Henta 21. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Winter Island» (innhald frå Geographic Names Information System).