Withlæg, Withlæg eller Vigleik (Wiglek), var ein mytisk konge over Angeln i folkevandringstida. Han skulle ha vore son av Odin, og første ættefar til kongane i Angeln og seinare i Mercia.

I følgje nokre kjelder var far hans ein Weothulgeot (angliske krøniker). Danske kjelder nemner at Vigleik var son av Hrœrekr Slöngvanbaugi, ein fornalderkonge som er nemnd i sogene om Ivar Vidfadme og Sigurd Ring. Denne Vigleik ekta Nanna, og desse var foreldra til kong Vermund.

Gesta Danorum fortel korleis Vigleik tok gods og lausøyre frå mor til kongesonen Amled (Hamlet). Vigleik gjekk seinare til krig mot Amled og felte han.