Hrœrekr Slöngvanbaugi

Hrœrekr Slöngvanbaugi eller Rørek Ringslengjar var ein konge i skandinavisk fornaldersoge, rekna som far til Harald Hildetann og morbror til Hamlet i følgje ulike kjelder. Han er nemnd i fleire verk, mellom dei Hversu Noregr bygddisk, Njåls Saga, Gesta Danorum og Chronicon Lethrense. Dei sørskandinaviske kjeldene skil seg klårt frå dei vestnordiske. I dei fleste kjeldene er han konge over Sjelland og Skåne, soleis rekna som dansk konge.

Danske kjelder endre

Rørek er rekna som son av Hod i dei danske kjeldene, og nært knytt til soga om Amled. Rørek vann land i Sverige, Kurland og Vendland, og sette Horvendel og bror hans, Feng, til å rå for Jylland. Han gav søster si til Horvendel, og desse vart foreldra til Amled (Hamlet). Rørek fekk sonen Withlæg, som rådde etter han.

Skjoldungasaga fortel at Rørek var son av Ingjald Frodeson, son av kong Frode i Lejre. Mor til Rørek er her enkja etter broren Halvdan. Soga om korleis Rørek kom til, er knytt til forteljinga om Rolv Krake.

Denne framstillinga knyter Rørek, og ætlingane hans, til skjoldungane. Ei tilsvarande forteljing finst og i Bjarkerimer.

Vestnordiske kjelder endre

Etter dei vestnordiske kjeldene, for det meste skrivne på Island, er Rørek far til Harald Hildetann, og verson til Ivar Vidfadme. Han vart gift med dotter til Ivar, Aud den Djuptenkte. Nokre kjelder seier at far av Rørek og heitte Harald Hildetann, og sonen han fekk med Aud vart kalla opp etter farfaren. Rørek er og nemnd i Hyndluljod:

Harald Hildetann
han var son til
ringslengjaren
Rørek Audsson
Aud den ovkloke
Ivars dotter,
men Rådbard var
far til Randve;
alt dette er ætti di
Ottar Heimske.