Witten er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 100 000 innbyggjarar. Witten/Herdecke Universitet, det første private universitetet i Tyskland, ligg i byen.

Witten
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Witten
Witten is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Arnsberg
Ennepe-Ruhr-Kreis
Først nemnd i 1214
Geografi
Flatevidd
 - By

72,40 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

101 165
  1 397/km²
Koordinatar 51°26′0″N 07°20′0″E / 51.43333°N 7.33333°E / 51.43333; 7.33333
Høgd over havet 104 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 58401 - 58456
Telefon-retningsnummer 02302
Bilnummer EN
Heimeside: www.witten.de

Witten ligg i Ruhrdalen sør i Ruhrområdet.

Historie

endre

Witten vart først nemnd i 1214, men bydelen Herbede (som vart ein del av byen i 1975) går heilt tilbake til 851. Byen vart ein gruveby frå 1578. I 1975 vart Witten ein del av Ennepe-Ruhr-Kreis og er i dag den største byen her. 1975 var òg første året Witten fekk meir enn 100 000 innbyggjarar, grensa for ein storby (Großstadt) i Tyskland.

Seint på 1800-talet vart Witten kjend for Roburit-dynamitten. Denne dynamitten vart ein gong nytta i kolgruver over heile verda. I 1906 oppstod det derimot ein eksplosjon i fabrikken og 41 menneske omkom.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Witten