Wojciech Fortuna
Wojciech Fortuna (fødd 6. mars 1952) er ein polsk, tidlegare skihoppar frå Zakopane. Han vart olympisk meister i storbakken i 1972.
Wojciech Fortuna | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 6. august 1952 (72 år) Zakopane |
Yrke | skihoppar |
Språk | polsk |
Wojciech Fortuna på Commons |
Fortuna hadde ein 18. plass som sin beste internasjonale prestasjon føre vinter-OL 1972 i Sapporo. Under olympiaden overraska han stort og vart nummer seks i normalbakken. Den store sensasjonen kom få dagar seinare, då han i storbakkerennet under dei same leikane i Sapporo hoppa 111 meter i fyrste omgangen og tok ei soleklar leiing. I andre omgangen landa han på moderate 87,5 m og fekk notert totalt 219,9 poeng. Fremste konkurrentane, Walter Steiner frå Sveits og austtyske Rainer Schmidt enda på høvesvis 219,8 og 219,3 poeng og måtte nøye seg med sølv og bronse.
Fortuna sin beste prestasjon utanom olympiaden var ein tiandeplass; i Garmisch-Partenkirchen 1. januar 1973. Han slutta som aktiv skihoppar i 1975.
Bakgrunnsstoff
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar