Wolfgang Rottmann

Wolfgang Rottmann (fødd 15. mai 1973) er ein austerriksk tidlegare skiskyttar frå Altenmarkt im Pongau som vart verdsmeister på 20 km i 2000 og teken for bloddoping i 2006.

Wolfgang Rottmann
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 15. mai 1973 (50 år)
Altenmarkt im Pongau
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, VM i skiskyting 2000, VM i skiskyting 2005

Utmerkingar

æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken

Aktiv endre

I 2000-sesongen, hans beste sesong, byrja Rottmann å hevde seg mot verdseliten. Han vart nummer to etter norske Frode Andresen i 7,5 km sprint i Östersund. Under VM i skiskyting 2000 i Holmenkollen vann han gullmedaljen på 20 km etter eit bomskot på siste skyting, sølvmedaljen gjekk til landsmannen Ludwig Gredler. Seinare i meisterskapen vart han nummer fem i fellesstarten. To år etter kom han på femteplass i sprintrennet då Vinter-OL 2002 vart avvikla ved Salt Lake City, ei plassering langt over det han elles presterte i Ol-sesongen.

Under VM i skiskyting 2005 på heimegrunn i austerrikske Hochfilzen gjekk Rottmann tredje etappen på laget som tok bronse i 4 x 7,5 km stafett.

Doping endre

Då italiensk politi gjennomførte ein umeld dopingrazzia i huset der den austerrikske skiskyttartroppa oppheldt seg under Vinter-OL 2006 i Torino, stakk Rottmann og kollegaen Wolfgang Perner av frå leiren, heim til Austerrike. Begge vart då utestengde frå OL-troppa. Rottmann og fem andre utøvarar vart i 2007 dømde for å ha nytta seg av bloddoping, og for alltid stengde ute frå austerriksk idrett.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre