Wolfgang Seel

tysk fotballspelar

Wolfgang Seel (fødd 21. juni 1948) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Kirkel i Saarland. Han spelte 12 sesongar i bundesligaen med laga FC Kaiserslautern, Fortuna Düsseldorf og FC Saarbrücken og deltok i 6 landskampar for Vest-Tyskland. Angrepsspelaren Seel var særleg kjend for sine kjappe raid opp langs sidene.

Wolfgang Seel
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 21. juni 1948
Kirkel
Idrett fotball

KlubbspelEndra

Seel var aktiv FC Saarbrücken i tida 1966-71. Frå sommaren 1971 spelte han to sesongar i bundesligaen for FC Kaiserslautern. Sidan var han Fortuna Düsseldorf-spelar i ni år til 1982. I den vesttyske cupfinalen (DFB-pokalen) mot Hertha Berlin i Hannover den 23. juni 1979, skåra Seel kampens einaste mål i det 116. minutt av oppgjeret. Målet til Seel gav Fortuna klubbens aller fyrste cuptriumf, og sikra han legendestatus i Düsseldorf. Fem veker tidlegare, den 16. mai, tapte Fortuna etter ekstraomgangar med 3-4 overfor FC Barcelona, då finalen i cupvinnarcupen fann stad i Basel. Tidlegare i same sesongen skåra Seel to av måla då Fortuna Düsseldorf stod for ein historisk 7-1-siger over Bayern München. Seel avslutta sitt fotballiv med spel 1982-86 for FC Saarbrücken.

LandslagsspelEndra

Perioden september 1974 til desember 1977 deltok Seel i seks landskampar for Vest-Tyskland, fem av dei var såkalla vennskapskampar. Han kom ikkje på skåringslista.

MerittarEndra

  • Vinnar av DFB-pokalen: 1979 med Fortuna Düsseldorf
  • Tapande finalist i cupvinnarcupen: 1979 med Fortuna Düsseldorf
  • Tapande i finalist i DFB-turneringa: 1078 og 1980 med Fortuna Düsseldorf

KjelderEndra