Wrigley Gulf
Wrigley Gulf er ei bukt langs kysten av Antarktis, på sjøsida av Getz isbrem. Bukta grensar til Grant Island, Dean Island og Siple Island, som delvis ligg inne i isbremmen.
Wrigley Gulf | |||
bukt | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 74°0′S 129°0′W / 74.000°S 129.000°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Wrigley Gulf 74°S 129°W / 74°S 129°W | |||
Wrigley Gulf vart oppdaga i desember 1940 av U.S. Antarctic Service (USAS), og kalla opp etter Philip Wrigley, ein produsent frå Chicago som støtta ekspedisjonen.
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Wrigley Gulf» (innhald frå Geographic Names Information System).