Wurm (nederlandsk Worm) er ei elv i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, og ei av sideelvane til Roer frå venstre. Ho har sitt utspring får fleire småelvar i skogane sørvest for Aachen, som dannar Wurm etter reservoaret Diepenbenden. Frå her renn Wurm gjennom fleire kanalar i byen Aachen og kjem opp att ved Europaplatz aust i Aachen. Nord for Aachen (mellom Kerkrade og Herzogenrath) dannar elva grensa til Nederland i om lag 10 km. Ho munnar ut i Roer nær Heinsberg. Andre byar langs Wurm er Würselen, Übach-Palenberg og Geilenkirchen.

Wurm
elv
Wurm at Gut Kalkofen.jpg
Wurm ved Gut Kalkofen i Aachen
Land Flag of Germany.svg Tyskland, Flag of the Netherlands.svg Nederland
Nedslagsfelt 354 km²
Lengd 53 km
Middelvassføring 1,4 /s
Kjelde Nordrhein-Westfalen
 - høgd ±270 moh.
Munning Roer

Wurm
51°5′51″ N 6°6′23″ E
Wikimedia Commons: Wurm

Ein meiner at namnet Wurm kjem av det tyske ordet warm, som tyder varm, sidan kjeldene hennar kjem frå varmekjelder i Aachen.

KjelderEndra

  • Kalinka, G., Schütten, J., Naturraum Wurmtal, Wurmverlag Herzogenrath 1993