Stormfulle høyder

(Omdirigert frå Wuthering Heights)

Stormfulle høyder (engelsk originaltittel: Wuthering Heights) er ein roman av den britiske forfattaren Emily Brontë (1818-1848). Romanen vart utgjeven i 1847 under pseudonymet «Ellis Bell». Same år romandebuterte også søstrene Charlotte Brontë og Anne Brontë. Boka er den einaste romanen til Emily Brontë, men blir likevel rekna som ein klassikar blant engelske romanar.

Stormfulle høyder
Wuthering Hights

Forfattar(ar)Emily Brontë
Språkbritisk-engelsk
Sjangerroman
Utgjeven1847
ForlagThomas Cautley Newby

Forteljinga er ikkje lineær, og det er to forteljarar: Herr Lockwood rammar inn historia, og let Nelly Dean ta over frå det fjerde kapittelet, med korte innslag fortald av herr Lockwood.

Høgda som truleg inspirerte boka

Figurar endre

  • Heathcliff: Foreldrelaus gut som blir funnen av Mr Earnshaw på gata i Liverpool. Mr Earnshaw tek han med seg heim. Kjærleiken mellom Heathcliff og Catherine er eit hovudtema i romanen.
  • Catherine Earnshaw: Dotter i Earnshaw-familien. Ho og Heathcliff er gode venner i oppveksten.
  • Edgar Linton: Bur på Thrushcross Grange. Catherine giftar seg med han og ikkje Heathcliff. Dette fører til konflikt mellom Edgar og Heathcliff.
  • Ellen (Nelly) Dean: Nelly er tenar både for Earnshaw- og Linton-familien på ulike tidspunkt. Nelly blir også tenar for mr Lockwood, og ho fortel han historia om kva som har skjedd på Wuthering Heights og Thrushcross Grange.
  • Isabella Linton: Syster til Edgar.
  • Hindley Earnshaw: Bror til Catherine, som giftar seg med Frances.
  • Hareton Earnshaw: Sonen til Hindley og Frances.
  • Catherine «Cathy» Linton: Dotter av Catherine Earnshaw og Edgar Linton.
  • Linton Heathcliff: Sonen til Heathcliff og Isabella. Han møter faren først etter at mora hans er død. Han giftar seg med Cathy Linton, men berre etter påtrykk frå faren.
  • Joseph: Ein tenar ved Wuthering Heights som er djupt religiøs. Han snakkar med brei Yorkshire-aksent.
  • Mr Lockwood i Wuthering Heights|Lockwood : Forteljar i boka. Han leiger Thrushcross Grange av Heathcliff for å finne fred og ro, men finn til slutt ut at han ikkje vil halde fram med å bu der.
  • Frances: Kona til Hindley, som han kjem heim med etter at mr Earnshaw er død.
  • Kenneth: Ein lege i landsbyen Gimmerton.
  • Zillah: Tenar for Heathcliff ved Wuthering Heights i tida etter at Catherine var død.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre