The X-Files

(Omdirigert frå X-Files)

The X-Files er ein science fiction-serie som gjekk på amerikansk fjernssyn frå 1993 til 2002 og frå 2016 til 2018. Serien var ein av dei første store suksessane til Fox og hovudpersonane og slagorda – «The Truth Is Out There», «Trust No One», «I Want to Believe» – vart ein del av populærkulturen på 1990-talet. Serien vann òg Emmy Award og Peabody Award. The X-Files er rekna som ein serie som definerte 1990-åra og den utbreidde mistrua til staten, interesse i konspirasjonsteoriar og åndelegheit og trua på utanomjordisk liv i perioden.[1][2]

The X-Files

Typefjernsynsserie
Sjangerscience fiction serie, thrillerserie, dramaserie, grøsserserie, overnaturleg fiksjon
OpphavslandUSA
Sesongar11
Episodar218
Lengd43 minutt
Språkengelsk
SkaparChris Carter
ProdusentChris Carter, Howard Gordon, Vince Gilligan, John Shiban, Kim Manners, Glen Morgan, James Wong, Michelle MacLaren, David Greenwalt, Michael W. Watkins, R. W. Goodwin
RegiRob Bowman
MusikkThe X-Files
KanalFox Broadcasting Company

24. januar 2016 hadde ein ny miniserie på seks episodar med dei same hovudpersonane premiere på Fox.[3][4]

Kjelder endre

  1. St. James Encyclopedia of Popular Culture entry on X-Files
  2. Millman, Joyce. 'The X-Files' finds the truth: Its time is past. The New York Times, 19. mai 2002. alternativ lenke (gitt dato er feil)
  3. Bryan Bishop (11. mai 2015). «The X-Files will return in January» (på engelsk). The Verge. Henta 19. januar 2016. 
  4. Billy Steele (11. mai 2015). «The X-Files' six-episode series premieres January 24th» (på engelsk). Engadget. Henta 19. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff endre