Xanthippe
Xanthippe (gresk Ξανθίππη) var kona til Sokrates som av ettertida har fått rykte på seg for å ha vore ei vanskeleg kvinne. Omgrepet xantippe, med dette opphavet, òg vore generelt nytta om eit rivjern – ei hissig eller trettekjær hustru eller kvinne.
Xanthippe | |
Teikning av Xanthippe i Promptuarii Iconum Insigniorum frå 1653. | |
Fødd | 5. hundreåret f.Kr. Aten |
Død | |
Yrke | aristokrat |
Språk | gamalgresk |
Ektefelle | Sokrates |
Xanthippe på Commons |
Det er mange fleire historier enn det er fakta om Xanthippe. Ein trur at ho var mykje yngre enn filosofen ho var gift med, kanskje så mykje som 40 år. Dette har ein mellom anna lese ut frå Platon sin dialog Pheado 60a, der Sokrates skal ha vore 70 år medan ho var ung nok til å vera mor til eit barn ho bar i armane.
I Symposium av Xenofon seier Sokrates seg einig i at ho er «den vanskelegaste å leva med av alle kvinner som finst», og hevder han gifta seg med henne for dette. I seinare framstillingar var Xanthippe kjend for den skarpe tunga si og det vart sagt at ho var den einaste som nokosinne hadde vunne ein diskusjon med Sokrates. Etter ein spesiell krangel skal ho ha tømt ei potte over hovudet hans, før han skal ha sagt, «Etter tore kjem som regel regnet.»
Litteratur
endreI Shakespeare sin Troll kan temmes samanliknar Petruchio Katherina «Som Sokrates' Xanthippe eller verre» i Akt 1 Scene 2.[1]
Den engelske viktorianske poeten Amy Levy skreiv ein dramatisk monolog kalla opp etter «Xantippe».[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Xanthippe» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Xanthippe» frå Wikipedia på engelsk, den 3. november 2010.
- Fotnotar