Xenofon (fødd ca. 430 f.Kr i Aten, død kring 355 f.Kr) var ein gresk hærførar, forfattar og historikar. Han er særleg kjend for sine historieskildringar frå Hellas på den tida, for skriftene sine om filosofen Sokrates og for å vere opphavsmann til den første augevitneskildringa vi kjenner frå eit felttog i oldtida. Språket til Xenofon er klårt og tydeleg og har vore eit stilistisk førebilete. Dette har gjort at mange studentar av gammalgresk har vorte kjent med verka hans.

Xenofon

Føddca. 430 f.Kr.
Erchia
Dødca. 354 f.Kr.
Korint
NasjonalitetAntikkens Athen
Områdefilosofi
Yrkehistorikar, leigesoldat, filosof, militær, skribent
BarnGryllus

Bakgrunn endre

Xenofon var son av Gryllos, ein attisk godseigar og var såleis fødd inn i det atenske aristokratiet. Som ung adelsmann vart han innrullert i kavaleriet. Han var ein av elevane til filosofen Sokrates. Xenofon skreiv verket Erindringar om Sokrates i perioden 390 - 370 f.Kr

I 401 f.Kr vart Xenofon med som leigesoldat i hæren til den persiske tronpretendenten prins Kyros den yngre for å hjelpe han til å erobre makta i Persarriket frå kong Artaxerxes II, den eldre broren til prinsen. Kuppforsøket mislukkast og Kyros fall i kamp med armeen til persarkongen i slaget ved Kunaxa, ein stad ikkje langt frå Babylon. Feltherren til den greske leigesoldathæren vart deretter lokka i ei felle og drepen.

Grekarane måtte då velje nye leiarar som kunne føre hæren tilbake frå Mesopotamia til Hellas gjennom heile Vesleasia for å verne fridomen. Xenofon vart vald som ein av dei leiande generalane i denne strabasiøse ekspedisjonen. Historia om felttoget og tilbaketoget - som vart kalla toget til dei titusen - er levande skildra i boka Anabasis, som vart skriven då Xenofon var landsforvist, ein gong mellom 390 - 380 f.Kr Desse skildringane er av mange rekna som det beste verket hans. Språkleg sett er Anabasis rekna som eit stilmessig reint døme på klassisk attisk gresk og det har difor ofte vore eit av dei første verka studentar har arbeidd med.

Etter heimkomsten vart Xenofon landsforvist frå Aten, moglegvis pga deltakinga hans i felttoget, eller fordi han kjempa på Sparta si side mot Aten i slaget ved Koroneia i 394 f.Kr. Som løn tildelte spartanarane han eit gods i Skillus, ikkje langt frå Olympia.

På dette godset heldt han til i over 20 år fram til 371 f.Kr, då han måtte flykte til Korinth av di at områdde der godset låg vart erobra av fiendane til Sparta. I denne tjueårsperioden skreiv Xenofon dei fleste bøkene han er kjend for, mellom anna Anabasis, Hellensk historie og Kyros' oppseding.

Ein gong etter forsoninga mellom Sparta og Aten i 370 f.Kr vart landlysinga til Xenofon oppheva, slik at han kunne flytte tilbake til Aten. Mykje tyder på at han vart buande i Korinth heilt til han døydde ein gong rundt 355 f.Kr.

Utvalde verk endre

Litteratur endre

Xenofon i norsk omsetjing endre

  • Xenofon: Hellensk historie. Omsett av Henning Mørland. Aschehoug. Oslo, 1966.
  • Xenofon: Anabasis: Kyros' herferd og heimferda åt dei tie tusen. Omsett frå gresk ved Olav Rytter. Samlaget, Oslo 1925. (Klassiske bokverk i norsk umsetjing 9)
  • Xenofon: Anabasis. Omsett av Henning Mørland. Oslo, 1967.
  • Xenofon: Erindringer om Sokrates. Omsett av Henning Mørland. Aschehoug. Oslo, 1967.
  • Xenofon: Om ledelse av kavaleriet. (I Frå antikkens krigskunst). Omsett av Inge Tjøstheim. Aschehoug. Oslo, 1994.

Kjelder endre

Bakgrunnnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Xenofon