Xbox Live (varemerkeverna som Xbox LIVE[1]) er ei direktekopla leveringsteneste for fleirspelarmodus spele- og digitale medium. Tenesta er oppretta av og vert driven av Microsoft Corporation og er for tida den einaste direktekopla speletenesta for konsollar der brukarar må betale for å spele fleirspelarmodus gaming. Tenesta var fyrst tilgjengeleg for Xbox-konsollen i november 2002. Ein oppdatert versjon var tilgjengeleg for Xbox 360-konsollen etter at systemet blei lansert i september 2005. Tenesta er ein konkurrent til Sonys PlayStation Network.

Xbox network

UtviklarMicrosoft
Utgjeve15. november 2002
Nyaste versjon2.0.16537.0
PlattformWindows Phone, Xbox, Xbox 360, Xbox One, Android, iOS, Microsoft Windows, Xbox Series X og Series S
Nettstadhttps://www.xbox.com/live

Tenesta var utvida i 2007 for Windows-plattforma, og vart kalla Games for Windows – Live , noko som gjer dei fleste aspekt av systemet tilgjengeleg på Windows-maskinar. Microsoft har annonsert planar om å utvide live til andre plattformer, til dømes mobiltelefonar, som ein del av Live Anywhere-tiltaket.[2] På det nye mobile operativsystemet til Microsoft, Windows Phone, er Xbox Live- funksjonen med i Windows-telefonar som vart lansert frå slutten av 2010.[3] Xbox Live vart avslutta for den originale Xbox-konsollen i mai 2010.

Xbox Live er tilgjengeleg som både ei gratis- og abonnementsbasert teneste, kalla Xbox Live Free[4] og Xbox Live Gold. Gold-tenesta har fleire funksjonar. Før oktober 2010 var gratistenesta kalla Xbox Live Silver.[5]

Kjelder endre