Xiao Ruoteng
Xiao Ruoteng (fødd 30. januar 1996) er ein kinesisk turnar frå Beijing. Han vart i 2017 verdsmeister i mangekamp, året etter vann han VM-gull i lagkamp og på bøylehest.
Xiao Ruoteng | |
Statsborgarskap | Folkerepublikken Kina |
Fødd | 30. januar 1996 (28 år) Beijing |
Idrett | turn |
Tok del i | Turn under Sommer-OL 2020 – Mangekamp menn, Turn under Sommer-OL 2020 – Mangekamp lagkonkurranse menn, Turn under Sommer-OL 2020 – Frittstående menn, Turn under Sommer-OL 2024 – Mangekamp menn |
Xiao meisterskapsdebuterte med ein bronsemedalje i lagkamp for det kinesiske mannskapet då Turn-VM 2015 vart avvikla i Glasgow. Ein olboge-skade hindra han i å delta i Sommar-OL 2016. Under Turn-VM 2017 i Montreal var han bestemann i mangekampen, i tillegg sikra han seg bronsemedaljen på bøylehest. Hausten 2018 sikra han seg to gullmedaljar og ein sølvmedalje ved verdsmeisterskapen i Doha i Qatar. Etter å ha vunne gull i mangekamp for Kina, enda han opp med nøyaktig same poengsum som russiske Artur Dalalojan i mangekamp. Russaren fekk gullet, Xiao måtte nøye seg med sølv. Xiao avlsutta Doha-meisterskapen med triumf i bøylehest. Frå Turn-VM 2019 i Stuttgart reiste Xiao med ein sølvmedalje frå lagkampen og ein bronse frå frittståande-finalen, i mangekampen vart han fjerdemann. Sommaren 2021 vart han nummer 2 i mangekamp og nummer 3 i lagkamp og i frittståande under dei olympiske leikane i Tokyo.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Xiao Ruoteng» frå Wikipedia på engelsk, den 24. desember 2023.
- «Xiao Ruoteng» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 20. april 2024.