Iannis Xenakis

(Omdirigert frå Yannis Xenakis)

Iannis Xenakis òg Yannis (fødd 29. mai 1922 i Brăila i Romania, død 4. februar 2001 i Paris) var ein gresk-fransk komponist og arkitekt. Han var innan arkitekturen ein elev av mellom andre Le Corbusier og av Olivier Messiaen innan musikk.

Iannis Xenakis

Fødd29. mai 1922
FødestadBrăila
Død4. februar 2001 (78 år)
DødsstadParis
FødenamnΓιάννης Ξενάκης
OpphavHellas, Frankrike
Sjangersamtidsmusikk, elektronisk musikk
PlateselskapBV Haast Records
Verka somkomponist, arkitekt, ingeniør, musikkpedagog, musikar, lyrikar
Gift medFrançoise Xenakis
BornMâkhi Xenakis
PrisarKyotoprisen for kunst og filosofi, æresdoktot ved Universitetet I Sydney, kommandør av Den nasjonale fortjenstorden, Honorary Member of the International Society for Contemporary Music

Biografi

endre
 
Xenakis i 1975

Han var utdanna som ingeniør og deltok i den greske motstandskampen under den andre verdskrigen. Etter krigen, i 1947, busette han seg i Paris, der han studerte musikk med mellom andre Olivier Messiaen. I 1950-åra var han ei stund assistent for arkitekten Le Corbusier og i lag med han bygde dei Philips-paviljongen ved verdsutstillinga i Brussel i 1958.

Innan musikken vart Xenakis kjend for teoriane sine om samband mellom musikk og matematikk, fysikk og arkitektur, og særleg er namnet hans knytt til såkalla stokastisk musikk, der heilskapen i verket kan vere forutsigbart, medan detaljane byggjer på tilfeldigheiter.

Av komposisjonane hans finn ein Metastasis (1953–54), Pithoprakta (1955–56), Stratégie (1959–62), Polytope (1967) og Tuorakemsu (1990). Pléiades (1978) er for seks slagverk, Nekuïa (1980) for kor og orkester. Han skreiv òg musikk for scenen.

Kjelder

endre

«Yannis Xenakis» i Store norske leksikon, snl.no.