Yassıada (gresk Πλάτη Plati) er ei av Prinseøyane i Marmarahavet. Øya har eit areal på 0,05 km², og er offisielt eit nabolag i distriktet Adalar i Istanbul i Tyrkia.

Yassıada

Yassıada (Plati) vart nytta av austromarane som sendte prominente personar i eksil her. Ein av desse var den armenske patriarken Narses som var den første som vart sendt til denne øya etter å ha vorte teken til fange på Büyükada (Pringipos) på 300-talet. På 1000-talet nytta austromarane øya for politiske fangar. Restane av fire undergrunnsceller frå denne perioden finst framleis. Austromarane bygde òg eit kloster på øya. Yassıada (Plati) vart erobra av latinske krossfararar under det fjerde krosstoget i 1204.

Kjelder

endre

40°51′52″N 28°59′36″E / 40.86444°N 28.99333°E / 40.86444; 28.99333