Yir'on (hebraisk skrift יִרְאוֹן) er ein kibbutzGalileastripa nord i Israel. Han ligg like ved den libanesiske grensa, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2007 hadde han eit folketal på 391.

Yir'on
יִרְאוֹן
kibbutz
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Øvre Galilea
Koordinatar 33°4′37.19″N 35°27′17.64″E / 33.0769972°N 35.4549000°E / 33.0769972; 35.4549000
Folketal 391  (2007)
Grunnlagd 20. mai 1949
 •  Grunnlagd av Tidlegare Yiftach-brigaden og Dror-HeHalutz-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Kart
Yir'on
33°04′37″N 35°27′18″E / 33.076997222222°N 35.4549°E / 33.076997222222; 35.4549
Wikimedia Commons: Yir'on

Landsbyen vart grunnlagd 20. mai 1949 av tidlegare Palmach-soldatar frå Yiftach-brigaden og ferdigutdanna elevar frå Dror-HeHalutz-rørsla i ruinane av den avfolka palestinske landsbyen Saliha. Ada Feinberg-Sireni, som seinare vart medlem av Knesset, vart blant nybyggjarane. Han var ein av fleire landsbyar som vart oppretta langs den libanesiske grensa med mål om å styrke grensene til den unge staten. Han vart kalla opp etter ein bibelsk landsby som høyrte til Naftali-stamma (Josva 19:38), som låg i dette området.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre