Ylläs
Ylläs eller Yllästunturi på finsk er eit 718 meter høgt fjell i Finland. Det ligg to tettstader ved Ylläs. På nordsida ligg Äkäslompolo, og på sørsida ligg Ylläsjärvi. Dei er knytte saman med ein 11 km lang veg, som går langs fjellsida. Begge tettstadane har turisme som hovudnæring.
Ylläs | |||
fjell | |||
Ylläs sett frå Äkäslompolo
| |||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Høgd | 718 moh. | ||
Ylläs 67°33′58″N 24°13′59″E / 67.566111111111°N 24.233055555556°E | |||
Wikimedia Commons: Yllästunturi |
Ylläs er eit populært skisenter. Slagordet til området er «Ylläs er nummer ein!», «Ylläs on ykkönen!».
I området rundt Ylläs er det 330 km med langrensspor, der 38 km er lysløyper. I tillegg er det 27 skitrekk og 58 løyper.