Ynys Dulas
Ynys Dulas (Dulas Island) er ei lita øy, utanfor nordaustkysten av Anglesey (Ynys Mon) i Wales. Ho utgjer den austlegaste delen av soknet Llaneilian.
Øya ligg om lag 2 km utfor kysten i Dulas Bay. Storleiken på øya varierer med tidvatnet og den maksimale lengda hennar er 623 meter og den maksimale breidda er 207 meter. På det minste måler ho 184 meter i lengderetninga og 35 meter i bredda. Øya er hovudsakleg berglendt, men det kjem fram sand ved lågvatn. Det vert ofte observert sel på og rundt øya.[1]. Det er lite vegetasjon på øya.
På øya står ein sylinderforma struktur med ein kjegleform på toppen[2], bygt i 1924 av Lady Dorina Neave frå Llys Dulas Manor for å lagre mat og gje ly til forliste sjømenn.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ynys Dulas» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ CCW om sel i Nord-Wales, arkivert frå originalen 21. juli 2012, henta 25. mars 2010
- ↑ PDF-fil om Dulas Bay-området (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 28. september 2007, henta 25. mars 2010